-Vi har gradvis gått frå å levere hardware til kundane til å levere tenester knytt opp mot vårt datasenter. Dermed får vi også fått ei endring i inntektsstraumen.
Totalt omsette PC Support for 31,3 millionar kroner i 2013 mot 33,0 millionar året før. Kostnadene vart samstundes redusert, slik at årsresultatet enda nesten på nivå med 2013.
- Det ser greitt ut. Vi har solide kundar, seier Welle.
- Desse kommunane kom inn gjennom den utbygginga av breibandnett vi gjennomførde. No er kommunane knytte opp mot vår datasenter-løysing.
PC Support har også gjort avtale med kommunar andre stader i landet, som med fire mindre Rogalands-kommunar som gjekk saman og valde PC Support som tenesteleverandør.
- 40 prosent av omsetninga er knytt til kommunane. Resten kjem frå private bedrifter og næringsliv, i hovudsak på Sunnmøre.
- Vi ønskjer sjølvsagt den maritime næringa til å knyte seg opp mot vårt datasenter, men vi ønskjer også å hente erfaringar frå den maritime næringa til forsking og utvikling.
Welle seier at det truleg ikkje vert fleire oppkjøp med det første.
- I staden for nye oppkjøp, tenkjer vi samarbeid. Mellom anna har vi alt etablert godt samarbeid med kraftselskap som Sykkylven Energi og Tafjord Kraft.
- Gjennom samarbeid med Tafjord Marked har vi fått ei tett tilknytning til fiber infrastrukturen på søre Sunnmøre med lokal trafikkutveksling mot Tussa sitt fibernett.
Etter at selskapet sitt breibandsnett vart kjøpt av NextGenTele i 2005, har det vore stadig større fokus på å levere datasentertenester.
- Vi har i dag to datasenter, der vi har doble løysingar i alle ledd. Dermed er kundane sikre på at vi heile tida er oppe og går, seier Welle.
- Vi håper også å kunne rekruttere meir lokal kompetanse i Fosnavåg gjennom Metiz Data, seier han.
Ståle Welle eig sjølv direkte 70 prosent av selskapet gjennom Sbw Invest II, medan PC Support Eigedom eig 26,8 prosent.
Av overskotet på 1,5 millionar kroner i 2013, vart det utbetalt 800.000 kroner i utbyte.
Totalt omsette PC Support for 31,3 millionar kroner i 2013 mot 33,0 millionar året før. Kostnadene vart samstundes redusert, slik at årsresultatet enda nesten på nivå med 2013.
- Det ser greitt ut. Vi har solide kundar, seier Welle.
40 % frå kommunar
Mellom kundane er kommunar som Sykkylven, Stranda, Stordal, Ørskog og Vestnes.- Desse kommunane kom inn gjennom den utbygginga av breibandnett vi gjennomførde. No er kommunane knytte opp mot vår datasenter-løysing.
PC Support har også gjort avtale med kommunar andre stader i landet, som med fire mindre Rogalands-kommunar som gjekk saman og valde PC Support som tenesteleverandør.
- 40 prosent av omsetninga er knytt til kommunane. Resten kjem frå private bedrifter og næringsliv, i hovudsak på Sunnmøre.
Lærdom frå maritim næring
Tidlegare i år kjøpte selskapet Herøy-selskapet Metiz Data. Welle seier at dette i stor grad vart gjort for å knyte tettare band til maritim næring.- Vi ønskjer sjølvsagt den maritime næringa til å knyte seg opp mot vårt datasenter, men vi ønskjer også å hente erfaringar frå den maritime næringa til forsking og utvikling.
Welle seier at det truleg ikkje vert fleire oppkjøp med det første.
- I staden for nye oppkjøp, tenkjer vi samarbeid. Mellom anna har vi alt etablert godt samarbeid med kraftselskap som Sykkylven Energi og Tafjord Kraft.
- Gjennom samarbeid med Tafjord Marked har vi fått ei tett tilknytning til fiber infrastrukturen på søre Sunnmøre med lokal trafikkutveksling mot Tussa sitt fibernett.
Doble løysingar
PC Support feira i år 25 års-jubileum og er dermed eitt av dei lengstlevande selskapa i IT-bransjen.Etter at selskapet sitt breibandsnett vart kjøpt av NextGenTele i 2005, har det vore stadig større fokus på å levere datasentertenester.
- Vi har i dag to datasenter, der vi har doble løysingar i alle ledd. Dermed er kundane sikre på at vi heile tida er oppe og går, seier Welle.
Nytilsetjingar
PC Support har i dag 25 tilsette. Welle opplyser at ein legg opp til organisk vekst, og vil tilsetje ytterlegare tre personar i løpet av august.- Vi håper også å kunne rekruttere meir lokal kompetanse i Fosnavåg gjennom Metiz Data, seier han.
Ståle Welle eig sjølv direkte 70 prosent av selskapet gjennom Sbw Invest II, medan PC Support Eigedom eig 26,8 prosent.
Av overskotet på 1,5 millionar kroner i 2013, vart det utbetalt 800.000 kroner i utbyte.
I staden for nye oppkjøp, tenkjer vi samarbeid
Publisert: 20.05.2014 11:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33