Ørsjan Solvang Toyota Nordfjord
TRE EIGARAR: Ørjan Solvang (biletewt) eig Toyota Nordfjord og Førde saman med Frode og Rune Solvang. Biletet er frå butikken dei tidlegare hadde like vest for Stryn sentrum. Den er flytta og ligg no på eit næringsområde aust for sentrum.Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Bilsalet kryp oppover for Nordfjordforhandlar

Toyota Nordfjord og Førde auka lønsemd og inntekt i fjor.

12.06.2025

Etter ei fall i inntektene frå toppåret 2021 har Toyota Nordfjord og Førde auka inntektene litt dei to siste åra. 

Bilforhandlarane har butikk og hovudkontor ved Måløy og og også ein butikk i Stryn og ein i Førde. Til saman sysselsette selskapet 51 årsverk i butikk og på verkstad i fjor. Eigarane er dagleg leiar Ørjan Solvang og Frode og Rune Solvang, gjennom selskapet Allbil. 

Selskapet brukar å vere blant dei mest lønsame bilforhandlarane på Nordvestlandet. Fjorårets resultat før skatt tilsvarar 4,1 prosent av driftsinntekta, som er rekna som realtivt bra for bransjen.

Få resultat
Førebels er berre eit fåtal bilforhandlarar klare med 2024-rekneskapen.

Bruktbilforhandlar Sykkylven bil auka salet i fjor, i hovudsak takka vere høgare gjennomsnittspris per bil som vart seld. 

Ford og Nissan-forhandlar Ørsta Bil hadde inntekter i fjor på line med 2023.

Oppsving
I 2024 fall nybilsalet på Sunnmøre meir enn landsgjennomsnittet. 

I starten av 2025 var det omvendt, då var etterspørselen etter nye bilar større på Sunnmøre enn landsgjennomsnittet.

Toyota Nordfjord og Førde as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt350,0335,5
Driftsresultat18,914,9
Resultat før skatt14,410,0

Publisert: 12.06.2025 05:00

Sist oppdatert: 11.06.2025 23:11

Mer om