Maritim forskningsstrategi skjermfoto regjeringen no 11
OVERLEVERTE NY STRATEGI: Professor Ingrid Schjølberg overleverte torsdag rapporten til fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Skjermfoto: Regjeringen.no
Nytt

Peiker på verfta som viktige

Regjeringa fekk ny plan for korleis maritim bransje kan utnytte teknologi og forsking i grøn skipsfart.

Marius Rosbach
27.01.2022

Torsdag fekk fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran overlevert den nye Maritim21-strategien.

Den kom i form av ein rapport på 100 sider der ein ser på teknologi- og forskingsmoglegheiter i grøn skipsfart og digitalisering.

Rapporten peiker spesielt på korleis verfta er viktige som nav – eller samarbeidsarenaer – i verdikjeden. Om dette leddet blir meir svekka og det blir færre norske verft, vil det kunne få store konsekvensar, åtvarar forfattarane.

– Det vil då kunne bli mindre norsk utstyr på skipa som ikkje lengre byggjast i Norge, og føre til tap i konkurransefortrinn fordi teknologi og kunnskap forsvinn til utlandet, heiter det i rapporten.

– Har det faktisk kjempetravelt
Den nye forskingsstrategien for maritim bransje vart overlevert til statsråden av leiaren for strategigruppa, professor Ingrid Schjølberg. Ho viste til at mykje av verdiskapinga er avhengig av maritim sektor. Det gjeld alt frå fiskeri, oppdrett, offshoreinstallasjonar og varetransport.

– Vi har det faktisk kjempetravelt. Det er mange andre havnasjonar som investerer tungt, sa ho på pressekonferansen.

Ho peika på at Norge har «alle moglegheiter til å lukkast» med å framleis vere ein leiande maritim nasjon i åra framover. Utvalsleiaren framheva at norsk industri har sterke leverandørar som er verdsleiande på sine områder.

– Må tørre å satse meir, la ho til.

Tre hovudsatsingar
Utvalet som har jobba fram rapporten, har hatt representantar frå maritimt næringsliv, akademia, og organisasjonane Norsk Industri, Fiskebåt, LO og UNIO.

Dei peiker på tre hovudområder der ein bør satse på forsking og teknologiutvikling:

  • Omfattande digital satsing (omtala maritim 4.0.)
  • Utvikle låg- og nullutslippsteknologiar og løysingar ved koordinert innsats og samarbeid på tvers av dei maritime verdikjedane.
  • Fjerne barrierer for grøn og trygg sjøtransport, når det gjeld som infrastruktur, tilgang til alternative drivstoff og elektrisitet, økonomisk lønnsemd og tryggleik ved bruk av grøn teknologi.

I tillegg til at satsinga må trappast opp, viste utvalsleiaren til fem føresetnader som må vere til stades for at Norge skulle lukkast med å vere ein sterk maritim nasjon i framtida.

  • Ha sterke maritime verdikjeder
  • At styresmaktene er ein god innvosjonspartnar for næringslivet.
  • Etablere grøne korridorar (utslippsfrie seilingsruter mellom land, journ. anm.)
  • Ha relevant kompetanse for næringa
  • Internasjonalt samarbeid

Lovar satsing
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran la vekt på at regjeringa har store ambisjonar for grøn skipsfart.

Han fortalde at regjeringa sin plan, inneberer at skipsfarten skal ta i bruk løysingar for lågutslepp, eller nullutslepp, i stor skala.

– Det er viktig for å utløyse potensialet i ei stor og viktig næring for oss, sa Skjæran.

Les heile rapporten (ekstern lenke)

Sjå pressekonferansen torsdag (ekstern lenke)

Publisert: 27.01.2022 13:03

Sist oppdatert: 28.01.2022 01:14

Mer om