Pengar inn i kassa
BETRE RATER: Fredrik Remøy i Rem Offshore seier rateoppgangen som kom i fjor haust har halde fram i år.
Nytt

Pengar inn i kassa

Rateauken sikrar positiv kontantstraum for Rem Offshore.

08.08.2019
- Det vi såg på slutten av 2018 var at kontrakter blei gjort på eit høgare nivå og slutningane som er gjort i 2019 er gjort på eit klart høgare nivå, seier administrerande direktør Fredrik Remøy i Rem Offshore.
Det er ei utvikling som Rem Offshore nyt godt av, og som vil slå ut i eit klart betre resultat i 2019.
Remøy vil ikkje talfeste eit resultatanslag for 2019, men seier Rem Offshore vil gå frå å ha ein kontantstraum omlag i balanse til ein klart positivt kontantstraum i år.

Fire i seismikk

Rem Offshore eig i dag ein flåte på ti skip etter at selskapet kjøpte plattformforsyningskipet Lewek Andes i juli i år.

Det skipet blir bygd om til bruk i seismikkmarknaden. Medrekna eitt innleigd skip opererer Rem Offshore fire skip i seismikkmarknaden.
Seks plattformforsyningskip er utleigd i heile 2019 medan eitt skip i subseamarknaden er utleigd til september.

Starta på nytt

Rem Offshore er eigd av Åge Remøy, Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth.
Trioen la 500 millionar friske kroner på bordet i 2016 for å bygge opp eit nytt offshoreselskap etter at gamle Rem vart slukt av Solstad-systemet.

Publisert: 08.08.2019 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38