- Dette har vi sett før. Finst det ein velfungerande marknad, klarer reiarlaga sjølve i løpet av eitt til eitt og eit halvt år å øydeleggje denne marknaden gjennom overkontrahering av nye skip.
Han meiner det er det same bildet ein no har innanfor offshore.
- Vi i Havila Shipping har ikkje bygt ein einaste ny båt sidan hausten 2012. Andre har kontrahert nye båtar vilden sky utan å ha ei fornuftig tilnærming til marknaden. Det er dette vi no ser konsekvensane av.
- Eg reknar med at vi har rundt 100 båtar i opplag rundt nyttår, og nye skip kjem til. Det seier seg sjølv at det vil ta lang tid frå ein slik situasjon til å få ein marknad i balanse.
- Vi ser i alle fall fram mot 2018, seier han.
- Det er nok enkelte som spekulerer i å halde båtane i arbeid og konkurrere om dei få oppdraga som er, og satsar på at andre tek støyten med å leggje båtar i opplag og permittere eller seie opp sjøfolk.
- Dette er sjølvsagt heilt lovleg, men det er dei same marknadskreftene som gjeld for alle, og det hadde vore ein fordel om alle no hadde bidratt.
Han meiner at det vert feil av selskapa å konkurrere om tapsprosjekt.
- Enkelte PSV-jobbar går no for rundt 40.000 - 50.000 kroner dagen, medan dei faktiske driftsutgiftene ligg på rundt 75.000 kroner. Det er ikkje berekraftig over tid å halde det gåande på slike rater.
- Det som er sikkert, er at situasjonen vil snu, sjølv om det dessverre tek lenger tid enn dei fleste likar å tenkje på.
- I denne situasjonen må GIEK og Eksportkreditt spele på lag med reiarlaga, og ikkje vere av dei verste motspelarane.
- Signala så langt tyder på at det er det første alternativet som vert valt, og det er oppmuntrande å registrere.
Han meiner det er det same bildet ein no har innanfor offshore.
- Vi i Havila Shipping har ikkje bygt ein einaste ny båt sidan hausten 2012. Andre har kontrahert nye båtar vilden sky utan å ha ei fornuftig tilnærming til marknaden. Det er dette vi no ser konsekvensane av.
Nedturen vil vare lenge
Sævik meiner at det no vil ta lang tid å få balanse i tilbod og etterspørsel.- Eg reknar med at vi har rundt 100 båtar i opplag rundt nyttår, og nye skip kjem til. Det seier seg sjølv at det vil ta lang tid frå ein slik situasjon til å få ein marknad i balanse.
- Vi ser i alle fall fram mot 2018, seier han.
Vil ha alle med
Han registrerer at slett ikkje alle offshoreselskap så langt har lagt båtar i opplag.- Det er nok enkelte som spekulerer i å halde båtane i arbeid og konkurrere om dei få oppdraga som er, og satsar på at andre tek støyten med å leggje båtar i opplag og permittere eller seie opp sjøfolk.
- Dette er sjølvsagt heilt lovleg, men det er dei same marknadskreftene som gjeld for alle, og det hadde vore ein fordel om alle no hadde bidratt.
Han meiner at det vert feil av selskapa å konkurrere om tapsprosjekt.
- Enkelte PSV-jobbar går no for rundt 40.000 - 50.000 kroner dagen, medan dei faktiske driftsutgiftene ligg på rundt 75.000 kroner. Det er ikkje berekraftig over tid å halde det gåande på slike rater.
- GIEK må bidra
Sævik meiner at det no er svært viktig at GIEK og Eksportkreditt viser forståing overfor offshoreselskap som no slit med å handtere gjelda. Han meiner dette er eitt av dei viktigaste tiltaka overfor ein bransje som opplever tøffe tider, men som samstundes er viktig for Norge.- Det som er sikkert, er at situasjonen vil snu, sjølv om det dessverre tek lenger tid enn dei fleste likar å tenkje på.
- I denne situasjonen må GIEK og Eksportkreditt spele på lag med reiarlaga, og ikkje vere av dei verste motspelarane.
- Signala så langt tyder på at det er det første alternativet som vert valt, og det er oppmuntrande å registrere.
Finst det ein velfungerande marknad, klarer reiarlaga sjølve i løpet av eitt til eitt og eit halvt år å øydeleggje denne marknaden
Publisert: 08.10.2015 14:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47