Petrobras
BRASIL: Petrobras aukar aktiviteten, og treng fleire fartøy, her frå Campos-bassenget. Foto: Petrobras
Nytt

Petrobras lagar bølgjer i offshore

Skal truleg ha meir enn 40 fartøy. Kan stramme det til i Nordsjøen.

03.11.2022

Det brasilianske statsoljeselskapet Petrobras har no ute ei rekke tilbod som har potensiale til å gi langtidskontraktar for meir enn 40 fartøy.

Det skiv skipsmeklaren Seabrokers i sitt månadsmagasin Seebreeze.

Eitt tilbod er for opptil 20 PSV-ar med fireårige kontraktar som startar mellom mai og august neste år.

Eit anna tilbod gjeld fire PSV-ar for støtteoperasjonar ved Petrobras Mero-feltet, med kontraktar over 914 dagar.

Må hente frå andre regionar
Eit tredje tilbod er fireårige kontraktar for fire PSV, medan eit fjerde tilbod gjeld treårige kontraktar for elleve PSV-ar ved felta Buzios og Roncador Enger.

Det er også ute eit fireårig tilbod for to ankerhandlarar.

Sjølv om Seabrokers reknar med at ein del av kontraktane går til fartøy som allereie er i Brasil, slår meklarhuset fast at det er nesten garantert at fleire av fartøya vil hentast frå andre regionar. Dette vil føre til ein strammare marknad i regionar der det allereie er avgrensa kapasitet av fartøy.

Best rater for små PSV-ar
Dette er godt nytt for offshoreselskapa som opererer i Nordsjøen. Her var gjennomsnittleg spotrate i oktober på 121.303 kroner for store PSV-ar (med dekk over 900 kvadratmeter, red merk), og 133.483 kroner for mindre PSV-ar.

For ankerhandlarar varierte ratene frå 100.000 kroner til 500.000 kroner, men flesteparten av kontraktane var i det nedre sjiktet.

I Nordsjøen går ein no inn i dei stille vintermånadene.

Ifølgje skipsmeklaren Westshore er det no elleve ankerhandlarar som ligg klare til oppdrag, fordelt på fire i Norge og sju i Skotland.

I tillegg er 13 PSV-ar ledige for oppdrag, fordelt på seks i Norge og sju i Skottland.

Publisert: 03.11.2022 14:51

Sist oppdatert: 03.11.2022 14:53

Mer om