Planlegg 50 leilegheiter paa Sandane
HUSVERE: Gloppen Hotell kan skimtas bak trea. Her står hotelldirektør Preben Moen midt på tomta der han og medinvestorane vil bygge inntil 30 leilegheter. Like i nærleiken har dei ei tomt med plass til 20 leilegheiter til.
Nytt

Planlegg 50 leilegheiter på Sandane

Hotelldirektør Preben Moen vil bygge inntil 50 nye leilegheiter på nabotomtene til Gloppen Hotell.

04.07.2017
I beste fall kan både sal og bygging starte neste år.
Utbygginga skal skje gjennom selskapet Sørstrandsvegen Prosjekt, der Preben Moen er ein av seks aksjonærar.
Moen og medinvestorane har kjøpt tre nabotomter til hotellet, ei bak (sett frå sjøen) og to ved sida av hotellet.

Større sirkulasjon

Planen er å tilby leilegheiter frå 60 kvadratmeter og oppover. Målgruppa er folk som vil flytte ut av einebustadane sine og bu meir lettstelt og sentrumsnært.
Moen vonar prosjektet skal bidra til større sirkulasjon i bustadmarknaden på Sandane, og gjere det lettare for yngre som vil etablere seg å finne hus.
Han meiner konsentrasjon av bustadar sentralt i kommunesenteret Sandane er noko Gloppen kommune treng.
- Det er ganske lav utnyttingsgrad i Gloppen, seier Moen.

100 millionar

Moen vil ikkje kommentere kor stor investeringa kan bli, men ut frå kostnaden på bygge ut den nye fløyen på hotellet (i overkant av 30 millionar kroner) er det truleg råd å kome i mål under 100 millionar kroner.

Moen seier det er råd å dele utbygging i fleire deler, der bygginga av det største bygget kan delast fleire trinn og utbygginga av den minste tomta kan gjerast for seg.
Korleis utbygginga blir gjort vil vere avhengig av salet, investorane bak planane har ikkje avgjort korleis det skal byggast ut enno,
Eitt alternativ er og å bygge ut den største tomta med utleigeleilegheiter i første etasje, som mellom anna kan gi hotellet ein ekstra kapasitet i toppsesongen.

Publisert: 04.07.2017 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11