Nytt
Planlegg fabrikk til 150 millionar kroner
Innan fem år er målet til Arctic Nutrition å ha ein legemiddelfabrikk til 150 millionar kroner på Nordvestlandet.
20.08.2018
Arctic Nutriton arbeider for å utvikle legemiddel basert på silderogn, til behandling av hudsjukdomen psoriasis.
Resultatet av det første forsøket på menneske er venta klar i løpet av hausten, seier administrerande direktør Ole Arne Eiksund.
Går det som Eiksund vonar kan produksjonen vere i gang innan fem år.
- Det er lange prosessar, seier Eiksund.
I dag lagar Actric Nutrition helsekostprodukt basert på silderogn, og tener pengar på det. Dette skal selskapet halde fram med, og ei utviding av anlegget i Hovdebygda kan bli gjort basert på helsekostproduksjonen åleine, men slik at anlegget og kan produsere medisinske produkt, i følgje Eiksund.
Han seier det er eit poeng å ha alt under eitt tak, med kontroll over heile verdikjeda, både når det gjeld medisinske produkt og helsekostprodukt.
Arctic Nutrition er det første selskapet frå Nordvestlandet i organisasjonen, og er tatt opp som medlem på grunn av utviklingsarbeidet selskapet er inne i for å bli eit legemiddelselskap, i følgje administrerande direktør Karita Bekkemellom i Legemiddelforeningen.
I dag og i morgon er Bekkemellom i Legemiddelindustrien på besøk hos Arctic Nutrition og klyngeorganisasjone Blue Legasea, som organiserer selskap som driv foredlinga av restråstoff og avskjær frå oppdrett- og fiskeri.
Dette seier ho om den planlagte fabrikkinvesteringa på 150 millionar kroner:
- Beløpet er marginal i forholdt til markedspotensialet for dettte produktet her, der er heilt enormt, sa Bekkemellom i eit foredrag på Arctic Nutrition i dag.
Deretter skal det gjennomførast ein industriell pilotproduksjon av det medisinske produktet for å sikre at det er råd med ein industriell produksjon i stor skala. Deretter skal det gjennomførast nye og større forsøk på menneske, for produktet skal vurderast av helsestyresmaktene for godkjenning som legemiddel.
Resultatet av det første forsøket på menneske er venta klar i løpet av hausten, seier administrerande direktør Ole Arne Eiksund.
Går det som Eiksund vonar kan produksjonen vere i gang innan fem år.
- Det er lange prosessar, seier Eiksund.
Kan bli Hovdebygda
Planen er å etablere produksjon på Sunnmøre, og det kan godt bety Hovdebygda i Ørsta, der Arctic Nutrition held til i dag seier Eiksund.I dag lagar Actric Nutrition helsekostprodukt basert på silderogn, og tener pengar på det. Dette skal selskapet halde fram med, og ei utviding av anlegget i Hovdebygda kan bli gjort basert på helsekostproduksjonen åleine, men slik at anlegget og kan produsere medisinske produkt, i følgje Eiksund.
Han seier det er eit poeng å ha alt under eitt tak, med kontroll over heile verdikjeda, både når det gjeld medisinske produkt og helsekostprodukt.
Med i legemiddelindustrien
Actric Nutrition har nyleg fått medlemskap i bransjeforeininga Legemiddelforeningen, som organiserer legemiddelindustrien i Noreg.Arctic Nutrition er det første selskapet frå Nordvestlandet i organisasjonen, og er tatt opp som medlem på grunn av utviklingsarbeidet selskapet er inne i for å bli eit legemiddelselskap, i følgje administrerande direktør Karita Bekkemellom i Legemiddelforeningen.
I dag og i morgon er Bekkemellom i Legemiddelindustrien på besøk hos Arctic Nutrition og klyngeorganisasjone Blue Legasea, som organiserer selskap som driv foredlinga av restråstoff og avskjær frå oppdrett- og fiskeri.
Optimistisk Bekkemellom
Bekkemellom er svært optimistisk på Arctic Nutritiuon sine vegne.Dette seier ho om den planlagte fabrikkinvesteringa på 150 millionar kroner:
- Beløpet er marginal i forholdt til markedspotensialet for dettte produktet her, der er heilt enormt, sa Bekkemellom i eit foredrag på Arctic Nutrition i dag.
Nye testar
Etter at resultatet av dei første testane av medisinske silderognprodukt er klart i løpet av hausten er målet å få publisert resultata i eit anerkjent internasjonalt tidsskrift.Deretter skal det gjennomførast ein industriell pilotproduksjon av det medisinske produktet for å sikre at det er råd med ein industriell produksjon i stor skala. Deretter skal det gjennomførast nye og større forsøk på menneske, for produktet skal vurderast av helsestyresmaktene for godkjenning som legemiddel.
Publisert: 20.08.2018 14:11
Sist oppdatert: 17.06.2021 08:35