Totalt vart inntektene reduserte frå 4,2 millionar kroner i 2012 til 2,1 millionar kroner i 2013. Men samstundes vart kostnadene også kraftig reduserte frå 3,9 til 1,8 millionar kroner etter at dei fire tilsette vart overførde til Ålesund Golfklubb.
Selskapet sat dermed att med eit positivt driftsresultat på 0,2 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 136 000 kroner. Dette er betre enn forventa, skriv styret i sin årsrapport.
Bana vart opna hausten 2004, som den einaste 18 hols golfbana på Sunnmøre. Men selskapet bak sleit lenge med drifta, og det har innimellom vore problematisk å betale dei tilsette. I 2009 var første året med overskot.
Dei siste fem åra åra har det svinga mellom ein halv million i pluss og 1,1 millionar kroner i minus av ei omsetning som har variert mellom 4,2 og 6,6 millionar.
Selskapet har ein leigeavtale på 40 år, med opsjon på ytterlegare ti år, for arealet til golfbana på Solnør.
Selskapet sat dermed att med eit positivt driftsresultat på 0,2 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 136 000 kroner. Dette er betre enn forventa, skriv styret i sin årsrapport.
Full drift
Solnør Gaard Golfbane driv ei 18 hols bane ved Solnør Gaard i Skodje, og har i tillegg eit treningsanlegg med seks hol i Ålesund. På begge anlegga var det full drift i golfsesongen i fjor.Bana vart opna hausten 2004, som den einaste 18 hols golfbana på Sunnmøre. Men selskapet bak sleit lenge med drifta, og det har innimellom vore problematisk å betale dei tilsette. I 2009 var første året med overskot.
Dei siste fem åra åra har det svinga mellom ein halv million i pluss og 1,1 millionar kroner i minus av ei omsetning som har variert mellom 4,2 og 6,6 millionar.
Solide eigarar
Selskapet har berre vel ein million kroner i gjeld, og har også sært solide eigarar. Største aksjonæren er Sparebanken Møre (8,95 %), tett følgt av Tryggestad Eiendom og Finans, Nordea Bank Norge, Stein Mittet, Farstad Shipping og Nordea.Selskapet har ein leigeavtale på 40 år, med opsjon på ytterlegare ti år, for arealet til golfbana på Solnør.
Publisert: 01.06.2014 06:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33