(NPK-NTB): Politiet har torsdag fjerna bilen til Hans Petter Thue, som har hindra byggestarten for vindkraftanlegget på Haramsøya utanfor Ålesund.
Thue og andre vindkraftmotstandarar har ønska å hindre transport av utstyr opp til anlegget som skal byggast på Haramsfjellet. I tillegg til fleire politibilar, var ein bergingsbil med på aksjonen.
Ei gruppe vindkraftsmostandarar hadde òg møtt opp ved bilen, men det heile har gått fredeleg for seg. Bilen blei fjerna medan Thue satt inn, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
– Dei øydelegg øya, seier vindkraftmotstandar Pauline Aksnes til kanalen og omtalar aksjonen frå politiet som ei stor tragedie og eit overtramp mot folk og natur.
– Vi står no ved eit vendepunkt. Våre mannskap har i dag fått ordre om å fjerne alle fysiske hindringar. Vi skal også passe på at ingen vert skada når store og tunge anleggsmaskiner skal flyttast, uttalte Solheim tidlegare torsdag.
Solheim bad demonstrantane om å ikkje å forsøke å diskutere med mannskapa som er sende ut.
– Dei har ordre om å utføre oppdraget. Lovleg arbeid skal kunne utførast i rettsstaten Norge.
Anleggsmaskinene deira har hittil ikkje å lukkast å ta seg opp på fjellet ettersom både folk og bilar sperrar Fjellvegen.
– Målet er å stoppe denne galskapen. Dette er ei altfor lita øy til å gjere om til eit industriområde for vindkraftindustrien, sa i førre veke.
Regjeringa har godkjent utbygginga, som er forventa å gi ein årleg kraftproduksjon til å dekke forbruket til rundt 7.000 husstander.
Drifts- og utbyggingsansvarleg er Zephyr, medan eigar er finske Taaleri Enerhia.
Thue og andre vindkraftmotstandarar har ønska å hindre transport av utstyr opp til anlegget som skal byggast på Haramsfjellet. I tillegg til fleire politibilar, var ein bergingsbil med på aksjonen.
Ei gruppe vindkraftsmostandarar hadde òg møtt opp ved bilen, men det heile har gått fredeleg for seg. Bilen blei fjerna medan Thue satt inn, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
– Dei øydelegg øya, seier vindkraftmotstandar Pauline Aksnes til kanalen og omtalar aksjonen frå politiet som ei stor tragedie og eit overtramp mot folk og natur.
Politiet: – Eit vendepunkt
Politistasjonssjef Oddbjørn Solheim i Ålesund slår fast at politiet ikkje tar side i striden om vindkraftprosjektet. Dei har akseptert passiv motstand, men viser til at det er eit lovleg fatta vedtak om utbygging av vindmøller.– Vi står no ved eit vendepunkt. Våre mannskap har i dag fått ordre om å fjerne alle fysiske hindringar. Vi skal også passe på at ingen vert skada når store og tunge anleggsmaskiner skal flyttast, uttalte Solheim tidlegare torsdag.
Solheim bad demonstrantane om å ikkje å forsøke å diskutere med mannskapa som er sende ut.
– Dei har ordre om å utføre oppdraget. Lovleg arbeid skal kunne utførast i rettsstaten Norge.
Vil stoppe «galskapen»
Saman med politiet var også representantar frå selskapet Stangeland Maskin, som har oppdraget med å byggje vegar, oppstillingsplassar, fundament og kablar til vindkraftanlegget.Anleggsmaskinene deira har hittil ikkje å lukkast å ta seg opp på fjellet ettersom både folk og bilar sperrar Fjellvegen.
– Målet er å stoppe denne galskapen. Dette er ei altfor lita øy til å gjere om til eit industriområde for vindkraftindustrien, sa i førre veke.
Åtte vindmøller
Totalt skal det setjast opp åtte vindmøller, med 82 meter tårnhøgde og 136 meter rotordiamater.Regjeringa har godkjent utbygginga, som er forventa å gi ein årleg kraftproduksjon til å dekke forbruket til rundt 7.000 husstander.
Drifts- og utbyggingsansvarleg er Zephyr, medan eigar er finske Taaleri Enerhia.
Les også:
Thue:
Publisert: 11.06.2020 14:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58