Wizz air
POLEN: Mange arbeidarar har pendla med Wizz Air mellom Polen og Norge. No vel fleire polakkar å arbeide heime. Illustrasjonsfoto: Avinor
Nytt

Polske arbeidarar droppar Noreg

Betre arbeidsvilkår i heimlanda gjer at mange austeuropeiske arbeidarar vel bort Noreg.

27.12.2021

Byggjenæringa trur at bygging av skular og sjukehus kan bli ramma.

– Det går betre i mange andre land om dagen. Då vel mange frå Aust-Europa arbeid i heimlandet i staden for langt borte i Noreg, seier Jørgen Leegaard, direktør for samfunnspolitikk i Byggenæringens Landsforening, til NRK.

Han fryktar at det at utanlandske arbeidarar vel å jobbe i sine eigne heimland, mellom anna kan gå ut over bygging av offentlege bygg som skular og sjukehus i åra som kjem.

Må betale meir
Norsk Industri-direktør Stein Lier-Hansen stadfestar Leegaards oppfatning og seier at industrien er førebudd på å måtte betale meir for arbeidskrafta i åra som kjem.

Fafo-forskar Jon Erik Følvik meiner at det som skjer no, er bra for arbeidstakarane.

– Eg trur vi går inn i ein fase der det er seljars marknad på arbeidsmarknaden i Europa. Det er bra, for vi har hatt ein periode der arbeidskraft har vorte falboden til ekstremt låge kostnader under ekstremt dårlege vilkår.

- Så det er på høg tid at arbeidstakars stilling blir styrkt, seier Følvik.

Publisert: 27.12.2021 15:08

Sist oppdatert: 27.12.2021 16:13