Verft illustrasjon innfelt Harald Magnus Andreassen foto marius first securities
FÆRRE UTLENDINGAR: Industrien får det tøffare med å få tak på arbeidskraft frå utlandet, påpeikar sjefsøkonom Harald M. Andreassen (innfelt) i Sparebanken1 Markets Foto: Marius Rosbach/First Securities
Nytt

- Nordvestlandet vil slite med å få kompetent arbeidskraft

Ambisjonane er høge og arbeidsløysa lav. Dette meiner Harald M. Andreassen er ein vanskeleg miks.

28.10.2021

- Sjølv om bedriftene på Nordvestlandet er omstillingsdyktige, er det mykje som tyder på at mange vil slite med å få tak i den arbeidskrafta dei treng. Her er for få tilsette å få tak i forhold til ambisjonane til bedriftene.

Det seier Harald M. Andreassen, sjefsøkonomen i Sparebanken1 Markets til NETT NO.

Han viser til at arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal allereie er strammare enn før pandemien.

- Dette er bra for alle som stod utan jobb, men for bedrifter med store vekstambisjonar er det ei utfordring.

Ungdomen vil ikkje heim
Andreassen viser til at det ikkje er enkelt å få ungdom til å flytte heim etter utdanning.

- Folk vil bu der det bur mange andre folk, og der det er eit rikt tilbod.

- Eg trur ikkje dette vil endre seg mykje, sjølv med Sp i regjering.

Samstundes er det heller ikkje like enkelt å få utanlandsk arbeidskraft.

- I dag er det betre å vere polakk i Polen enn polakk i Norge.

Harald M Andreassen Ørsta
ØRSTA: Harald M. Andreassen møtte regional næringsliv i Ørsta torsdag. Foto: Kjetil Haanes

Lønene vil auke
Andreassen deltok på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta torsdag, og slo fast at økonomien er i rask betring, der ein går ut av korona og rett inn i ein høgkonjunktur. Det er ikkje berre godt nytt.

Han såg blant anna for seg ei utvikling med stigande lønskostnader, som igjen ville drive rentene og inflasjonen opp.

- Det er eit voldsomt press i arbeidsmarknaden, spesielt i USA.

- Fleire seier at dei skal auke lønene til eit nivå som vi ikkje har sett maken til sidan midten av 80-talet.

- Dette er dramatisk
Andreassen sa at veldig få bedrifter klagar på salet.

- Alle klager på tilgangen på arbeidskraft, og kvaliteten på arbeidskrafta.

- Dette er dramatisk. Noko kjem til å skje, ikkje berre i USA, men også i Norge og resten av verda.

- Slapp av
Derimot var Andreassen mindre uroleg for konsekvensane for det grøne skiftet i eit land som har levd godt på store olje- og gassinntekter.

- Norge har eit fantastisk utgangspunkt. Den norske staten er så godt som i balanse sjølv med null oljeinntekter. Då reknar eg med renteinntektene.

- Så berre slapp av, sa Andreassen.

I dag er det betre å vere polakk i Polen enn polakk i Norge
Harald M. Andreassen

God orden i økonomien
Han såg heller store mulegheiter i det grøne skifte, også for oljenasjonen Norge.

- Då er eg meir engsteleg for konsekvensane av at myndigheitene har kutta oljeskatten for å framskunde oljeinvesteringane. Dette er berre tull slik verda i dag ser ut.

Men Andreassen kom også med ros til politikarane.

- Vi har i Norge hatt politikarar som har halde orden på økonomien på ein måte som ingen andre i verda har hatt. Eg trur det vil gå bra no også, sjølv med Vedum som finansminister.

Dyre aksjar
Andreassen åtvara samstundes mot å gå for tungt inn i aksjar no.

Aksjekursane er uvanleg høge. Aksjar er dyrt og vi har ikkje sett høgare prising sidan 2008.

- Det kan gå bra å kjøpe aksjar no, men det går truleg galt.

Han streka samstundes under at det over tid likevel var lurt å satse på aksjar.

- Men då må ein gjerne ha ein 20-30 års horisont, sjølv om eg trur at ein snart kan få kjøpt ein del billege aksjar.

Publisert: 28.10.2021 16:15

Sist oppdatert: 29.10.2021 15:23

Mer om