Michael Olsson Engstromgruppen polyform foto marius 11
AKTIVE OPPKJØPARAR: Ernströmgruppen som Michael Olsson er styreleiar for har vore aktive på oppkjøpsfronten. Berre i fjor fekk dei sju nye selskap innunder sin paraply. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Polyform-eigarane investerer gjerne meir i nordvest

– Alltid interesserte i selskap med bra folk og kultur, seier styreleiaren i det svenske industrikonsernet.

Marius Rosbach
18.03.2024

Førre veke fortalde NETT NO om opninga av den nye produksjonshallen som aukar kapasiteten hos Polyform i Ålesund.

Investeringa på kring 60 millionar er realisert med god draghjelp frå dei svenske eigarane i Ernströmgruppen, og styreleiar Michael Olsson deltok då Ålesund-bedrifta feira utvidinga.

– Ingen kommentar, seier styreleiaren med eit lurt smil på spørsmål om dei har konkrete oppkjøpsplanar på Nordvestlandet.

Men han stadfestar at det er ein region dei er godt merksame på.

– Vi gjer gjerne meir investeringar i nærområdet her, legg han til.

Polyform rotasjonspresse NN foto Marius 11
ROBOTISERT PRODUKSJON: Produksjonssjef Morten Tvervåg viser fram det som er Nord-Europa største rotomaskin, som effektivt kan lage større og mindre produkt. Foto: Marius Rosbach

– Selskap som kan ha nytte av kvarandre
Konsernet har vore aktive på oppkjøpsfronten, og berre i fjor fekk dei sju nye selskap inn i porteføljen.

– Vi er alltid interesserte i selskap med bra folk og kultur, og som er gode entreprenørar. Men det finst fleire dimensjonar enn pengane. Vi skal både tene pengar i dag – og legge til rette for neste generasjon, seier Olsson.

– Vi ser gjerne etter selskap som er i nærliggande bransjar, eller har nærliggande kompetanse. Først og fremst handlar det om selskap som kan ha nytte av kvarandre, utdjupar han.

Først og fremst handlar det om selskap som kan ha nytte av kvarandre
Michael Olsson

Konsern med over 40 selskap
Ernströmgruppen har vore Polyform sine eigarar sidan 2017, og er eit familieeigd konsern med røter tilbake til 1918. Dei fleire enn 40 selskapa i konsernet omsette i fjor for 4,6 milliardar svenske kroner.

Olsson fortel at dei jobbar etter ein desentralisert modell der selskapa skal halde fram som sjølvstendige aktørar.

– Ein slikt miljø der alle får vere med å ta ansvar, er veldig kraftfull og skapar mykje engasjement hos bedriftene. Slik vi ser her hos Polyform, seier han.

Michael Olsson vidar aasestrand polyform foto marius
OPNA NY PRODUKSJONSHALL: Polyform får betydeleg auka kapasitet med den nye hallen som Michael Olsson fekk æra av å opna førre veke. Polyform-sjef Vidar Aasestrand til høgre. Foto: Marius Rosbach

Største investering til no
Investeringa i den nye produksjonshallen hos Polyform, er den største eigarane har gjort til no.

Polyform-sjef Vidar Aasestrand er ikkje i tvil om at dei svenske eigarane har vore rett val for dei – og la vekt på at dei tenkte langsiktig.

– Vi gjorde eit fantastisk val, sa han under opninga – og kom samtidig med eit ønske om nye investeringar framover.

Bedrifta lagar blåsar og fenderar i plast, og Aasestrand vil gjerne investere i ei mølle som ta i mot råstoff for å lage resirkulerte produkt.

Polyform ny hall eksteriør foto marius
STORE EININGAR: Offshore- og havvindmarknaden har vore vekstområde for Blindheim-bedrifta dei siste åra. Nokre av dei største produkta - slik dei som ligg utanfor den nye hallen - går til desse segmenta. Foto: Marius Rosbach

Aktuelt å satse meir på Polyform
Styreleiar Olsson seier det er aktuelt å satse meir på Blindheim-bedrifta. Han viser til at ein av fordelane med å vere del av eit større konsern, er at selskapa har fleire å samarbeide med i slike prosessar.

– Vidar her på Polyform kjem gjerne med ein plan, så kan vi sette opp grupperingar som kan jobbe saman, og finne ut av korleis ting kan gjerast, seier han.

Arbeidet med å få tilgang til kapital og få det finansielle på plass til nye satsingar, blir også gjerne enklare med ein større aktør i ryggen, påpeiker Olsson.

Publisert: 18.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 17.03.2024 19:43

Mer om