Vidar aasestrand polyform foto marius 11
OPNA NY PRODUKSJONSHALL: – Starten på 2024 har vore veldig bra, fortel Polyform-sjef Vidar Aasestrand som torsdag inviterte gjestar og samarbeidspartnarar til feiring av ny produksjonshall. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ventar vekst med ny hall og nye kundar

Polyform aukar kapasiteten betydeleg – og har ny storkunde frå USA i porteføljen.

Marius Rosbach
15.03.2024

Etter rekordåret i 2022 hadde Polyform i Ålesund eit år som var meir på normalen i fjor.

I 2024 reknar administrerande direktør Vidar Aasestrand med ny vekst – ikkje minst grunna den nye produksjonshallen som formelt blei opna torsdag.

– Vi får betydeleg større kapasitet, og vi vil ha ein bra vekst i år, fortel han til NETT NO.

Polyform ny hall eksteriør foto marius
STORE EININGAR: Offshore- og havvindmarknaden har vore vekstområde for Blindheim-bedrifta dei siste åra. Nokre av dei største produkta - slik dei som ligg utanfor den nye hallen - går til desse segmenta. Foto: Marius Rosbach

Ny storkunde i USA
Polyform har laga oppblåsbare blåsar og fenderar av ulike slag i meir enn 70 år.

I den nye hallen skal dei i hovudsak lage produkt av hardplast, men Aasestrand ventar også vekst innan oppblåsbare blåser – ikkje minst fordi dei har sikra seg ein amerikanske West Marine som ny storkunde.

– Dei er den desidert største aktøren i USA på fenderar til fritidsbåtsegmentet. Det er ein milepåle og vi er usikre på kor mykje vekst det kan gi, men moglegheitene er enorme om vi lukkast, seier Polyform-sjefen.

Jets-konsernet på Hareid er ein anna ny kunde som har kome inn i porteføljen til bedrifta.

Polyform smartbøye foto marius
SMARTBØYE: Bøyer og blåser utstyrt med elektroniske sensorer, som denne til Smartocean, er blitt ein trend i flere marknader for Polyform. Foto: Marius Rosbach

Trend med smartbøyer
Bøyer og blåser med elektronikk er ein trend i marknaden som er blitt meir tilgjengeleg for fleire kundar. Det trur Aasestrand kan vere med å løfte salet.

– Det har allereie vore brukt ei stund innan havbruksnæringa, og er blitt veldig populært innan fiskeri. Det brukast både for å lokalisere kvar fiskarane har sett ut bruket, og i tillegg kan dei måle temperatur, bølgjehøgde og slike ting, seier Aasestrand.

Medan omsetninga for Polyform bikka over 200 millionar i rekordåret 2022, sank den til kring 175 millionar i fjor.

– Resultatet blei likevel på høgde med året før, fortel Aasestrand om rekneskapen som ikkje er levert til Brønnøysundregistera enno.

Polyform rotasjonspresse NN foto Marius 11
ROBOTISERT PRODUKSJON: Produksjonssjef Morten Tvervåg viser fram det som er Nord-Europa største rotomaskin, som effektivt kan lage større og mindre produkt. Foto: Marius Rosbach

Nord-Europas største rotasjonspresse
Den nybygde hallen er på kring 2000 kvadratmeter og ligg eit steinkast frå det eksisterande produksjonsbygget på Blindheim.

I det nye bygget står mellom anna Nord-Europa største rotomaskin. Berre denne robotcella utgjer ei investering på kring ti millionar.

Under opninga fekk dei besøkande mellom anna fortald korleis plastmassen blir fordelt i forma ved hjelp av rotasjon – før den støypast.

Største investering for svenske eigarar
Med tilhøyrande produksjonsutstyr utgjer den nye produksjonshallen ei investering på kring 60 millionar kroner – den største dei svenske eigarane i Ernströmgruppen har gjort nokon gong.

Polyform blei selt til det familieeigde industrikonsernet i 2017. Aasestrand har tidlegare fortald til NETT NO at det utelukkande har vore ei positiv oppleving å få inn nye eigarar.

Publisert: 15.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 18.03.2024 11:41

Mer om