Polyform innfelt vidar aasestrand foto polyform 11
NY PRODUKSJONSHALL: Rett ved den «gamle» Polyform-fabrikken står ein ny hall klar for Vidar Aasestrand og dei andre tilsette i bedrifta. Foto: Polyform
Nytt

Polyform flyttar inn i ny produksjonshall

Aukar på offshore og havvind. Og i haust gjorde oppdrettsmarknaden comeback i ordreboka.

Marius Rosbach
29.11.2023

Polyform på Blindheim i Ålesund er i ferd med å vekse seg større.

Måndag kom det fjerde trailerlasset med utstyr som skal nyttast til å utvide produksjonen av blåser og fenderar i ein nybygd hall på kring 2000 kvadratmeter.

– I løpet av få veker startar vi opp med gradvis produksjon i den nye hallen, og reknar med å ha offisiell opning kring nyttårstider, seier dagleg leiar Vidar Aasestrand til NETT NO.

Alt i alt med nybygg og maskinar er det snakk om ei investering på kring 60 millionar
Vidar Aasestrand

Investering på kring 60 millionar
Den nye hallen ligg på austsida av deira eksisterande produksjonslokale, med berre nokre titals meter i avstand. Bedrifta skal leige bygget av huseigarselskapet.

– Alt i alt med nybygg og maskinar er det snakk om ei investering på kring 60 millionar, fortel han.

Sidan 2017 har Polyform vore eigd av svenske Ernströmgruppen. Det å ha utanlandske eigarar har berre vore ei positiv oppleving, fortel Aasestrand.

– Dei har tilført oss mykje i løpet av desse åra, og det har aldri vore diskusjon om flytting. For oss har dette vore ei god løysing, seier han.

Polyform ny produksjonshall foto polyform 11
FLYTTAR INN: Trailerlass med utstyr og maskinar er på veg til å kome på plass i den nye produksjonshallen til Polyform på Blindheim. Foto: Polyform

Vekst i fleire marknader
Den klassiske Polyform-bøya som første gong blei laga på 1950-talet er eit kjent produkt for mange. Det same er Tryg-bøyene som heng langs kysten. Bedrifta har også vekse i andre retningar.

– No har vi begynt å få eit godt grep på olje- og offshore, i tillegg til havvind. Her har vi hatt bra vekst, fortel Aasestrand.

Dei har eit betydeleg sal til fritidsmarknaden, og samtidig aukar etterspurnadene på produksjon for andre bedrifter aukar.

– Vi ser at det er ein bra marknad for det no. Det kan til eksempel vere ulike produkt i hardskall, seier han.

Vidar Aasestrand - Polyform foto marius
STARTA PÅ 1950-TALET: Her er Vidar Aasestrand ved sidan av nokre av den klassiske Polyform-bøya som først blei laga på 1950-talet. Foto: Marius Rosbach

Losna for havbruk etter sommaren
Fjoråret blei eit rekordår, med inntekter på over 200 millionar og solid overskot.

– I fjor vart «all time high», men første halvdel av 2023 hadde vi betydeleg lågare ordreinngang, spesielt grunna lakseskatten, fortel Polyform-sjefen.

På seinsommaren losna det også i den marknaden, både i salet til norske oppdrettarar og eksport til utlandet. Mot slutten av året er ordreboka berre fem prosent under nivået i rekordåret 2022.

Råvarepris og lønnsauke er utfordringar
I dag har bedrifta 75 tilsette i arbeid. Dei fleste jobbar i produksjonen - som går 24 timar i døgnet frå måndag til fredag.

Aasestrand fortel at dei har redusert arbeidsstokken i løpet av året, men at dei snart kan ha behov for å tilsette fleire att.

Prisen på råvarer er framleis ei utfordring, sjølv om den er gått litt ned sidan pandemien. Det siste dryge året har dei difor unngått prisauke ut til kundane.

– Samtidig har vi ei lønnsauke som har vore tøff å handtere, seier han.

Publisert: 29.11.2023 09:20

Sist oppdatert: 29.11.2023 09:21

Mer om