Vidar Aasestrand - Polyform foto marius
REKORD: 2022 vart rekordår for Polyform og dagleg leiar Vidar Aasestrand. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Polyform passerte 200 millionar kroner

Blindheim-selskapet slo rekorden, men ordreinngangen er svakare enn i fjor.

01.06.2023

Polyform er store på produksjon av blåser og fenderar. Blindheim-selskapet har historie tilbake til 1955, og hadde i fjor sitt klart beste år omsetningsmessig. Rekorden blei slått med heile 25,8 millionar.

Selskapet har også levert solid på botnlinja. Resultatet før skatt enda i fjor på 24,2 millionar kroner.

Sidan 2017 har Polyform vore eigd av Ernströmgruppen i Göteborg, som for fjoråret tek ut eit utbyte på 18,8 millionar kroner.

(saka held fram etter tabellen)

Polyform
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 201,6 175,8
Driftsresultat 23,8 21,3
Resultat før skatt 24,2 21,5

Mykje norsk sal
Det svenske familieigde selskapet har kontor i ni land.

Mest sal frå Polyform går til Europa med 103,7 millionar kroner i 2022, men mykje går også til Norge med 65,4 millionar.

Selskapet opplyser at det er auka sal i alle segment; fritid, fiskeri, havbruk og energi.

Ein satsar også på flytande vind- og solkraft.

Starta året svakare
Polyform har ein samla eigenkapital på 57,1 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.

Ordreinngangen ved starten på 2023 var 48 prosent lavare enn ved forrige årsskifte, men styret skriv at ordreinngangen i 2023 har vore tilfredsstillande.

Polyform sysselsette i fjor 87 årsverk.

Publisert: 01.06.2023 11:12

Sist oppdatert: 01.06.2023 11:14

Mer om