Pris for ny hekk
BYGGEKONTRAKT: Verftsdirektør Kristian Sætre ved Ulstein Verft har to skip med Ulstein Group sitt prisbelønna hekkdesign under bygging.
Nytt

Pris for ny hekk

Ulstein Group får pris for nyskaping.

02.06.2015
Ulstein Group er tildelt ‘Next Generation Ship Award 2015’ på Nor-Shipping i dag.
Konsernet får prisen for den nye hekk-løysinga (X-TERN) som vart lansert i fjor haust, eit design som gjer at offshorskip like gjerne kan vende hekken som baugen mot veret under offshoreoperasjonar.
- Innovasjon er å tenkje utanfor boksa, og å utfordre aksepterte idear. Då vi lanserte X-BOW for ti år sidan, var det mange som kommenterte at baugen hadde ein uvanleg utsjånad, og mange tvilte på dei forbetra sjøeigenskapane. 100 X-BOW-ar seinare har skepsisen snudd til aksept, og fleire andre skipsdesignarar har utvikla sine eigne baugdesign. X-STERN er ein innovasjon som er vidareutvikla frå tankegangen som forma X-BOW. Denne hekkløysinga oppfører seg mykje som ein X-BOW, ved å beskytte arbeidsdekket, redusere rørslene i transitt og auke komforten om bord. Hekken har mindre volum, og dermed mindre utsett for vind, enn baugen, så kapteinen vil gjerne kome til å plassere hekken mot veret når skipet har nådd destinasjonen, seier visekonsersjef Tore Ulstein i ei pressemelding.
Ulstein har inngått kontrakt om bygging av to skip med X-TERN-design. Skipa er tinga av det tyske reiarlaget Bernhard Schulte, som skal bruke dei som serviceskip på vindkraftanlegg til havs.

Publisert: 02.06.2015 10:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44