Pris til smarte A Alesund
PRIS: Joel Mills frå OSC, assisterande rådmann Bente Glomset Vikhagen, ordførar Eva Vinje Aurdal, generalsekretær for U4SSC Kari Aina Eik og rådmann Astrid J. Eidsvik er nøgde med prisen nye Ålesund fekk i Valencia.
Nytt

Pris til smarte Ålesund

Nye Ålesund er tildelt pris av FN-organisasjonen United for Smart and Sustainable Cities.

01.10.2019
Tidelinga skjedde i samband med den internasjonale telkommunikasjonsunionens (ITU) niande Green Standards Week som blir arrangert 1. – 4. oktober i Valencia i Spania.
9th Green Standards Week er ei global plattform der beslutningstakarar, ekspertar, byplanleggarar, reguleringsmyndigheiter med fleire kjem saman for å diskutere korleis teknologi og teknologiutvikling kan legge til rette for smarte og berekraftige byar, opplyser Nye Ålesund i ei pressemelding.

FNs smartbynettverk

Nye Ålesund får prisen fordi kommunen, saman med Sula og Giske, er den første byregionen i Norge som er tatt opp i FNs smartbynettverk. Målet med nettverket er å satse på teknologi som bidrar til eit betre samfunn for innbyggarane.
Ved hjelp av nettverket har nye Ålesund, saman med eit team av internasjonale og lokale ekspertar, samla inn data for å utvikle smartbyprofilen – ein analyse av regionens ståstad knytt til korleis regionen bruker smart teknologi allereie og korleis vi kan bli betre til å bruke smart teknologi.
I tillegg er det etablert eit samarbeid mellom FN-nettverket og Offshore Simulator Center (OCS) ved Campus i Ålesund. Saman skal dei utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling.

Smartby-lab

Ålesund får også Nord-Europas første berekraftige smartby-lab i samarbeid med United for Smart and Sustainable Cities. Laben vil ta i bruk visualisering og simulering for å utvikle og iverksette berekraftsprosjekt innan tema som utdanning, helse, infrastruktur, mobilitet og energi, vert det opplyst i pressemeldinga.
Ordførar Eva Vinje Aurdal tok imot prisen på vegne av Ålesund.
- Vi blir stolte av arbeidet vi gjer i Ålesund, når vi ser den internasjonale merksemda vi får. Dette gir inspirasjon til å jobbe vidare med ein smart og berekraftig Ålesund kommune. Dei målingane vi har gjort gjennom samarbeidet med FNs organisasjon U4 SSC, gir oss eit godt grunnlag for strategiarbeidet framover.
Billedtekst:

Publisert: 01.10.2019 17:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40