Pussar opp kontorbygg for over 100 millionar
Kontorbygg på 6500 kvadratmeter i Ulsteinvik skal skrellast inn til betongen - og byggast opp på nytt.
Dei tilsette i kontorbygga hos Kongsberg Gruppen i Ulsteinvik skal ut av dagens lokale til sommaren. Om alt går etter planen kan dei flytte inn att i splitter nye lokale i Ulsteinvik til jul 2023.
Kontorbygga ved anlegget til Kongsberg Gruppen i Ulsteinvik husar storparten av dei kontortilsette i Ulsteinvik.
No investerer Kongsberg Gruppen over 100 millionar kroner for å få moderne lokale i Ulsteinvik.
Attraktive lokale
– Ambisjonen er ein arbeidsplass det er triveleg å kome til for dagens tilsette, og som er attraktiv når det skal rekrutterast nye tilsette, seier Dag Skarbø, plassjef og leiar for strategiske prosjekt i divisjonen Propulsion & Engines, Kongsberg Maritime i ei pressemelding.
Bygga som skal rehabiliterast er bygd i perioden 1975 til 1994.
Forlengjer i Hjørungavåg
Kongsberg Maritime forlengjer også leigeavtalen med Havila-konsernet om leige av 4400 kvadratmeter kontorlokale i Hjørungavåg.
Der har Kongsberg Gruppen 115 tilsette.
I ombyggingsperioden i Ulsteinvik kan nokre av dei tilsette i Ulsteinvik få mellombels kontorplass i Hjørungavåg, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime til NETT NO. Førebels er det ikkje avklart kvar alle dei kontortilsette i Ulsteinvik skal plasserast i ombyggingsperioden.
Publisert: 15.03.2022 15:36
Sist oppdatert: 15.03.2022 16:02