Sverre Thorsø Fellesforbundet Kongsberg Maritime Ulsteinvik
KRITIKK: Flytting av produksjon og montering frå Ulsteinvik svekkar fagmiljløet både for arbeidarar og ingeniørar, fryktar Sverre Thorsø i Fellesforbundet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Meiner forsømt bedrift fekk smellen

- Vi har hatt ein eigar som har soge ut av bedrifta i 15 år utan å investere, seier fellesforbund-leiar Sverre Thorsø i Kongsberg Maritime Ulsteinvik.

01.07.2021

I dag fekk dei tilsette meldinga som dei tilitsvalde har måtta halde for seg sjølv sidan mai. Montering av thrusterar i Ulsteinvik blir flytta til Kongsberg Maritime sitt anlegg i Rauma i Finland. 30 tilsette i Ulsteinvik blir berørt, og i løpet av hausten blir det klart om nokon misser jobben. Kongsberg Maritime er det største datterselskapet i Kongsberg Gruppen.

Store investeringar
Eigaren Thorsø siktar til er Rolls-Royce, som selde marinedivisjonen sin til Kongsberg Gruppen. Både anlegget i Ulsteinvik og i Finland var ein del av marineddivisjonen i Rolls-Royce.

Eigarskiftet skjedde 1. april 2019.

Ein grunn til at thrurstermonteringa bli flytta frå Ulsteinvik til Finland og ikkje omvendt, er at anlegget i Finland er nytt og treng korkje investeringar eller fleire folk. Om Ulsteinvik vart vald ville det krevje store - men ikkje talfesta - investeringar, ifølgje Kongsberg Maritime.

Maks uflaks
Etter oljeprisfallet i 2014 slutta offshorereiarane å bestille nye båtar og ordreinngangen for verksemda i Ulsteinvik krympa år for år til og med 2017.

Då såg det ut til å snu.

-Vi såg lyset i slutten av tunnelen og vi byrja på sjå ordrane kome inn, seier Thorsø.

Det var i slutten av 2018. I starten av 2020 kom den verdsomspennande koronaepidemien, og skipsnybyggingsaktiviteten fall på ny.

- Maks uflaks, seier Thorsø.

Bekymra
No skal han i første omgang vere med på å arbeide for at ingen av dei 30 som blir berørt av at thrustermoteringa blir flytta misser jobben.

Sjølv om det lukkast å finne nye oppgåver for dei i Ulsteinvik er Thorsø likevel bekymra for konsekvensen av flyttinga.

Tidlegare i år blei maskineringsverksemda i Ulsteinvik avvikla, som berørte 15 personar. No flyttar thrustermoteringa. Det svekkjer tilbodet og miljøet både for dei som vil bli fagarbeidar i slike jobbar og for dei som vil utdanne seg som ingeniørar og konstruere og utvikle utstyret som inntil no har blitt laga i UIsteinvik.

Etterlyser politisk handling
Thorsø er ein av fleire tillitsvalde i Kongsberg Maritim Ulsteinvik som i dag sende ut ein felles uttale der dei både kritisere avgjerda om flytting og etterlyser handling frå regjeringa si side.

"Vi ønsker sentrale politikere på banen som kan fremskynde bygging av standardiserte fartøy for Forsvaret i påvente av at markedet skal ta seg opp igjen. En havvindssatsing i Norge bør tilrettelegges for å øke aktiviteten i den maritime klynga.", skriv dei mellom anna i uttalen.

Publisert: 01.07.2021 17:00

Sist oppdatert: 01.07.2021 16:46