Kongsberg maritime montasje geir sundal foto marius 11
ULSTEINVIK: Kongsberg Maritime er i ferd med å tøme fleire hallar og selje unna utstyr ved anlegget i Ulsteinvik. Snart skal serviceavdelinga leia av plassjef Geir Sundal flytte inn. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fryktar «holrom» i ettermarknaden

Plassjefen er uroa over lite skipsbygging. Men Kongsberg Maritime riggar seg for høg aktivitet i Ulsteinvik.

Marius Rosbach
19.08.2021

Dei siste tala Kongsberg Maritime rapporterte, viser at ettermarknaden for tida er på veg opp.

Men Geir Sundal som leiar arbeidet med ettermarknaden ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik, er bekymra for kva den låge skipsbyggingsaktiviteten som har vore dei siste åra, vil bety på lengre sikt.

– For oss som driv med service er det viktig at Norge får meir fart i bygginga av nye båtar og får verfta i gong igjen, seier han til NETT NO.

– Kan bli eit holrom
Ettermarknaden som Kongsberg-avdelinga i Ulsteinvik opererer i, har til no hatt stort volum frå offshoreboomen på 2010-talet. Etterpå har det vore fleire år med rekordlåg skipsbygging globalt.

– Førebels er det ingen krise, men det kan bli eit holrom som følgje av at det er levert lite i desse åra. Spørsmålet blir når det kjem og kor stor nedgangen eventuell blir, held Sundal fram.

60-70 prosent av verksemda til Kongsberg i Ulsteinvik består no av service, og basen er sentralt plassert i høve Nordsjøen.

(saka held fram under)

Førebels er det ingen krise, men det kan bli eit holrom som følgje av at det er levert lite i desse åra
Geir Sundal
Kongsberg maritime thruster testing foto marius 11
THRUSTER-TESTING: Rett framom kjenner ein godt lufttrykket når ein thruster blir testa i eine hallen i Ulsteinvik, Foto: Marius Rosbach

Omlegging gir «makeover»
Det har vore stor uro ved avdelinga for nymontering i Ulsteinvik som følgje av omorganisering og flytting av produksjon. I fjor blei det klart at maskinering skulle settast ut, og i sommar blei det kjent at produksjon av mekaniske thrusterar skal utomlands.

I desse dagar er fleire hallar i ferd med å tømmast for maskiner og utstyr, der det meste skal vere ferdig mot slutten av neste år.

Kongsberg maritime dag skarbø per vidar kjølmoen foto marius 11
NY TENESTE: Plassjef Dag Skarbø (t.v.) viser Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen eit kontrollrom der det er mogleg å følgje med på korleis testane på anlegget går. Rommet blei laga fordi mange vil reise mindre som følgje av koronapandemien. Foto: Marius Rosbach

Omorganiseringa gir også fysiske endringar, og lokala står framfor ei renovering før servicefolka flyttar inni fleire lokale. Då vil ettermarknaden «ha hand om» kring to tredelar av heile anlegget.

– Det blir ein «makeover» på heile avdelinga og vi skal forsøke å halde på den store aktiviteten her i Ulsteinvik. Alle kontorbygga skal renoverast og produksjonslokala skal pussast opp. Slik skal vi tilpasse oss dei neste 20 åra, fortel Sundal.

Samlar 300 kontorplassar
I dag har Kongsberg kring 320 tilsette i Ulsteinvik, og i underkant av 100 i Hjørungavåg på den andre sida av Hareidlandet.

Kongsberg skal som kjent flytte frå Hjørungavåg-anlegget, og i utgangspunktet skal dei tilsette herifrå til Ulsteinvik. Det betyr at Kongsberg vil ha samla 300 kontorplassar i Ulsteinvik, i tillegg til verkstad og produksjon. Men først skal det altså bli pussa opp.

– Vi er ved starten av ei stor endring på heile anlegget, fortel kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk.

Ho legg til at det også er ope for at enkelte tilsette kan ønske seg til andre Kongsberg-avdelingar på Sunnmøre, når flyttinga først skal skje.

Kongsberg maritime per vidar kjølmoen foto marius 11
MAGNETTEKNOLOGI: Kongsberg trur på marknaden for magnetdrivne thrusterar. Her forklarar plassjef Dag Skarbø korleis dei fungerer til Ped Vidar Kjølmoen (Ap), som besøkte bedrifta onsdag. Foto: Marius Rosbach

Trur på ny vekstmarknad
Onsdag fekk Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen mellom anna høyre om sokalla PM-thrusterar, som Kongsberg trur vil vere ein vekstmarknad.

Enkelt forklart dreier det seg om propellar som blir drifta av magnetar og elektriske motorar – og som kan spare opptil 25 prosent drivstoff.

– Denne marknaden er berre i starten og vi meiner det er viktig å ha denne produksjonslinja tett lokalisert med teknologiavdelinga vår her i Ulsteinvik, fortalde kommunikasjonssjef Wollebæk.

Publisert: 19.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 19.08.2021 14:59

Mer om