Paa tide aa tenkja nytt om cruise i verdsarvomraada
FJORDLANDSKAP: – Tidlegare har vi opna grinda for turistane, men no ser vi at vi må ha meir styring, seier leiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, Arne Sandnes, som også er ordførar i Norddal kommune. Han meiner verdsarvfjordane må stå i særstilling i forhold til andre fjordar. 
Nytt

– På tide å tenkja nytt om cruise i verdsarvområda

Arne Sandnes, eiaren i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap etterlyser ei omlegging som tek meir omsyn til lokal natur, kultur og folk som bur i verdsarvområda.

05.11.2019
NPK-Margunn Sundfjord: I fjor vedtok Stortinget at berre utsleppsfrie cruiseskip skal få segla inn i verdsarvfjordane frå 2026. Cruisenæringa meiner krava er urealistiske, og lokale krefter har uttrykt uro for at dei nye krava skal føra til tapte inntekter fordi cruiseskipa vel andre fjordar og hamner.
Leiaren i Verdsarvrådet meiner han har løysinga.
– Eg foreslår at det blir etablert eit landstraumanlegg for cruiseskip på utsida av verdsarvfjordane, og at passasjerane blir lasta om i mindre elektriske turistbåtar som kan frakta dei innover fjordane til Geiranger, Tafjord og andre destinasjonar. Dette vil bety eit paradigmeskifte innan cruisenæringa, seier Sandnes til Nynorsk pressekontor.

– Positivt for lokal verdiskaping

Han meiner ei slik omlegging vil vera positivt for lokalmiljøet på mange måtar.
– Både for verftsindustrien, lokale guidar og lokal matproduksjon vil dette kunna få store positive ringverknader. Omlegginga vil difor stimulera sterkt til økonomisk berekraft som vi er ute etter.
Ved å dela cruiseturistane opp i mindre puljar, trur leiaren av Verdsarvrådet at forslaget hans også kan vera med å dempa trengsla av turistar. Det meiner han det er eit stort behov for.
– Tidlegare har vi opna grinda og vore glade for at turistane ville koma, men no ser vi at vi må ha meir styring. Mange stader er folk irriterte på turismen. Tilstrøyminga av turistar har ein del plassar blitt så stor at det hindrar trivselen, velværet og tryggleiken til folk som bur der, seier Sandnes som også er ordførar i Norddal kommune.
Sandnes meiner difor det er på høg tid å setja tolegrenser for kor mange turistar dei attraktive områda kan ta imot.

Positive reaksjonar

Sjølv har han fått mange positive tilbakemeldingar på tankane sine rundt cruise i verdsarvfjordane, også frå cruisenæringa sjølv.
– Etter vedtaket i Stortinget i fjor om nullutslepp, og etter at vi tok til å setja krav, har cruisenæringa begynt å invitera til møte på eige initiativ, seier han.
Han fortel mellom anna at representantar frå Stranda og Norddal kommune, verdsarvleiinga og Stranda hamnestell har hatt tre møte i Geiranger-området med eitt av dei største cruisereiarlaga i verda.
– Møta har dreidd seg om korleis næringa kan lykkast i møte med utfordringane frå 2026-vedtaket til Stortinget om nullutslepp i verdsarvfjordane, forklarer Sandnes.
Han fortel at cruisenæringa har vore tydeleg på at det er umogleg å skaffa ein flåte med nullutslepp så raskt. Signala er ifylgje Sandnes at dette truleg vil ta ytterlegare 10–15 år.

Vegen vidare

– Spørsmålet er kva vi gjer i mellomtida. På det siste møtet blei vi samde om at eitt mogleg scenario er å stengja verdsarvfjordane for store cruiseskip og etablera landstraum-hubbar på utsida av fjordane, samtidig som passasjerane blir frakta inn i fjordane med mindre elektrifiserte båtar.
Saman med ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad, har Norddal-ordføraren fått i oppdrag å gå vidare med saka og undersøkja realismen i forslaget.
– Vi har no vore i kontakt med det regionale nettselskapet Mørenett om å levera straum til ein landstraum-hubb. Det er dei svært positive til, seier Sandnes.
Han fortel at det er funne ei ideell plassering av ein slik hubb og at det er teknisk mogleg å få til. I tillegg til utbyggingar på sjøsida, må det mellom anna byggjast ein stor transformatorstasjon på landsida som kan levera straum til eit slikt anlegg.
Tanken er at det planlagde landstraumanlegget skal kunna nyttast av både cruiseskip og ferjer, og Fjord1 skal allereie ha kome med ei konkret bestilling av straum for å elektrifisera to ferjestrekningar i området.
Sandnes seier likevel at dei enno er på eit tidleg stadium i prosessen og at dei mellom anna må finna ut om reiarlaga vil vera med på forslaget.

Etterlyser konsekvensanalyse

Hamnesjefen i Stranda, Rita Berstad Marsaak, seier at Stranda hamnestell deler alle ambisjonane om ei miljøvennleg og utsleppsfri verd. Ho meiner samtidig debattane om cruise ofte blir unyanserte og einspora.
Sjølv er hamnesjefen skeptisk til ei løysing med at cruiseskipa skal ankra opp utanfor verdsarvfjordane. Ho etterlyser også ein konsekvensanalyse for kva forslaget vil ha å seia for næringslivet og fastbuande i praksis.
Torsdag skal styret i Stranda hamnestell diskutera ny strategi- og handlingsplan for 2020–2022. I styrepapira slår hamnesjefen fast at Stranda hamnestell står overfor avgjerande vegval. Ho er klar på at utsleppa frå cruisenæringa må ned, men meiner det blir feil med særreglar for verdsarvfjordane.
– Den viktigaste meldinga vår må vera at reguleringar må gjelda for alle – vera nasjonale – elles risikerer vi å flytta utsleppa, i staden for å redusera dei, heiter det.
Hamnesjefen meiner også at strenge krav må kombinerast med fleksibilitet og at ein må samarbeida om felles mål.
Eg foreslår at det blir etablert eit landstraumanlegg for cruiseskip på utsida av verdsarvfjordane, og at passasjerane blir lasta om i mindre elektriske turistbåtar

Publisert: 05.11.2019 13:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43