Ro fortune
SMOLTFRAKT: Her passerer Ro Fortune grensa til Russland, lasta med smolt. Skjermdump: Marinetraffic
Nytt

Her går Ro Fortune inn til Russland med smolt

Sølvtrans har alt sagt nei. No vil Rostein stanse nye avtalar, men vil fullføre inngåtte avtalar.

16.05.2022

Måndag morgon kryssa Rostein-båten Ro Fortune inn i russisk sone lasta med norsk smolt.

Ifølgje Marinetraffic har brønnbåten oppgitt «Tromsø Anchorage» som destinasjon, men er ifølgje iLaks veg til Murmansk med smolt til den russiske oppdrettskjempen Russian Aquaculture.

Dette er det same Moskva-baserte selskapet som har brukt 150 millionar kroner på å byggje opp eit smoltanlegg på Moltu i Herøy kommune.

Russian Aquaculture eig rundt 40 oppdrettslokalitetar for laks og regnbogeaure, i hovudsak i Murmansk-regionen, og har lansert planar om å nå eit produksjonsvolum på 35.000 tonn laks innan 2025. Smolten skal kome frå Norge.

I tillegg til Moltu, eig Russian Aquaculture Olden Oppdrettsanlegg i Trøndelag.

- Forplikta å transportere
Ifølgje iLaks er det ikkje berre Ro Fortune som er på veg til Russland med smolt. Nettstaden opplyser at også Ro Venture er i same ærend, etter å ha lasta smolt frå Nesfossen Smolt ved Lurafjorden.

I ein sms til NETT NO skriv Rostein-direktør Glen Bradley at selskapet har stansa å inngå nye kontraktar i Russland.

- Men vi er forplikta til å transportere smolten som er seld frå norske smoltanlegg.

- Politisk spørsmål
Bradley viser til at norske styresmakter ikkje har innført sanksjonar som kan fristille bindande avtalar.

- Både Nærings- og fiskeridepartementet og Utanriksdepartementet frårår private sanksjonar innanfor fiskeri og havbruk.

- Difor er det eit politisk spørsmål om Norge skal sanksjonere eller ei, skriv Bradley.

Han seier at selskapet er forferda over krigen i Ukraina.

- Vi håper at partane snart kan einast om ein fredsavtale.

Vi er forplikta til å transportere smolten som er seld frå norske smoltanlegg
Glen Bradley

- Ikkje etisk rett
Kommunikasjonssjef og samfunnskontakt Harald Tom Nesvik i det Ålesund-baserte brønnbåtselskapet Sølvtrans seier at det ikkje er rett av selskapet å ta slike oppdrag no.

I tillegg til smoltfrakt av Rostein, held Ifølgje iLaks også fôrleverandørar som Skretting og Cargill fram med å sende oppdrettsfôr til sine russiske kundar.

Harald Tom Nesvik seier at Sølvtrans har fått forespørsel om å frakte smolt til Russland, men har sagt klart nei.

- Vi kunne fått bra betalt, men vi har konkludert med at det ikkje var etisk rett for oss å ta på oss denne typen oppdrag no.

- Ikkje ulovleg
Nesvik viser til at det ikkje er ulovleg å frakte smolt til Russland.

- Men ut frå dei rådande forhold har vi konkludert med at vi ikkje tar på oss slike oppdrag.

Publisert: 16.05.2022 08:27

Sist oppdatert: 16.05.2022 09:23

Mer om