Russian Aquaculture Moltu innfelt arne geirulv
MOLTU: Arne Geirulv (innfelt) avviser at Russian Aquaculture er tett knytt til Kreml, men fryktar sanksjonar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Frykt for at Moltu-bedrift vert offer for sanksjonar

15. mai skal første smolten fraktast frå Moltu til Murmansk. Sanksjonar kan stoppe det.

24.02.2022

- Vi veit ikkje kva som skjer, men vi håper verkeleg at det vert ‘business as usual’.

Det seier Arne Geirulv i Russian Aquaculture.

Det russiske selskapet har brukt rundt 150 millionar kroner på å byggje opp eit smoltanlegg på Moltu i Herøy.

Store planar
Moltu-selskapet er den sentrale leverandøren av smolt til den russiske oppdrettskjempen, som eig rundt 40 oppdrettslokalitetar for laks og regnbogeaure, i hovudsak i Murmansk-regionen.

Russian Aquaculture er notert på Moskva-børsen, og har lansert planar om å å nå eit produksjonsvolum på 35.000 tonn laks innan 2025, der smolten er tenkt å kome frå Norge.

Årleg skal det etter planen fraktast fem millionar smolt frå Moltu og frå Olden Oppdrettsanlegg i Trøndelag til Russian Aquaculture sine mange anlegg i Murmansk-regionen.

Styremedlem i morselskapet
No fryktar Geirulv for at sanksjonar kan skape vanskar for handelen med Russland.

- Det er altfor tidleg å konkludere, men vi følgjer godt med i det som skjer.

Han er sjølv styremedlem i det russiske morselskapet, i tillegg til å vere styreleiar i dei norske dotterselskapa, inkludert Øyralaks, tidlegare Villa Smolt, på Moltu.

- Vi har rundt ti tilsette på Moltu, slik at eventuelle sanksjonar kan få konsekvensar også for dei tilsette på sikt, men det er altfor tidleg å trekke slike konklusjonar no.

Avviser Kreml-kopling
Russian Aquaculture har vorte kopla til Kreml, seinast i ein artikkel i iLaks torsdag.

- Det er ikkje korrekt, seier Geirulv.

- Vi har 16.000 aksjonærar, og eit uavhengig styre utan koplingar til Kreml.

Men han likar ikkje situasjonen som har oppstått etter det russiske angrepet mot Ukraina torsdag morgon.

- Mange er usikre om kva som skjer, og kva som vert konsekvensane.

- Vi kan ikkje gjere anna enn å halde fram arbeidet som før, og håpe på det beste.

Publisert: 24.02.2022 15:04

Sist oppdatert: 24.02.2022 15:59

Mer om