Russian Aquaculture Moltu innfelt arne geirulv
MOLTU: Russian Aquaculture med storsatsing på Moltu. No vil selskapet ha resten av oppdrettstankane (t.v.) under tak, opplyser Arne Geirulv. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Russarar vil ha alt under tak på Moltu

Hittil har Russian Aquaculture brukt 150 millionar kroner på smoltanlegget på Moltu. Neste prosjekt er å få alt under tak.

15.06.2021

- Ja, dette er noko vi no ser på, seier Arne Geirulv.

Han er styremedlem i det russiske morselskapet, og er samstundes styreleiar i dei norske dotterselskapa, inkludert Øyralaks og Villa Smolt på Moltu.

- Vi har fått eit fantastisk bra anlegg på Moltu, men vi har vidare planar, seier Geirulv.

3,2 millionar setjefisk
Totalt har dei ein konsesjon på fem millionar setjefisk frå anlegget på Moltu. Herifrå går setjefisken til Russian Aquaculture sine mange anlegg i Murmansk-regionen.

Geirulv seier at ein i år har prioritert størrelse framfor å produsere fem millionar fisk.

- Ja, i år kjem vi til å sende til Russland 3,2 millionar setjefisk med ei vekt på 150-170 gram.

Villa Smolt
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 60,7 31,3
Driftsresultat 12,4 3,7
Resultat før skatt 10,2 2

Aktuelt med nye oppkjøp
Det russiske oppdrettsselskapet har også setjefiskproduksjon ved Olden Oppdrettsanlegg i Trøndelag.

- Også her planleggast det ei storstilt oppgradering av anlegget, seier Geirulv.

Han ser ikkje vekk frå at det kan verte nye oppkjøp i Norge.

- Akkurat no ser vi på ein lokalitet for muleg setjefiskproduksjon i Murmansk-regionen, men her er det ikkje så enkelt å få det til som i Norge.

Mykje på klaffe
Geirulv seier at det er ei rekke faktorar som må vere på plass for å starte setjefiskproduksjon.

- For det første må ein ha tilgang på reint vatn. Så må ein liggje nær sjøen, nær veg, ha tilstrekkeleg forsyning av elektrisk kraft og i tillegg ha tilgang på kvalifisert arbeidskraft.

- Der finst mange elvar på Kolahalvøya, men ikkje alle desse andre forholda er på plass, slik vi mange stader har det i Norge.

Villa Smolt omsette i fjor for 60,7 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 10,2 millionar, begge deler ei kraftig forbetring frå året før.

(saka held fram under)

Russian Aquaculture Murmansk Ro Fortune foto Russian Aquaculture 22
MURMANSK: Russian Aquaculture er det største oppdrettsselskapet i Russland. Her er brønnbåten Ro Fortune på oppdrag ved eitt av anlegga deira. Foto: Russian Aquaculture

Fryktar forureining
Selskapet har ni tilsette. Geirulv seier at det er på det nivået ein kjem til å vere framover.

Han er optimistisk for framtida, men er uroleg for konsekvensane av at Bergsøy vassverk planlegg å byggje eit tankanlegg i fjellsida.

- Vi er redde for overløpsvatn som fører med seg betongstøv og anna skit, seier Geirulv.

Han opplyser at selskapet har gjort det klart at Bergsøy vassverk vil verte stilt ansvarleg for eventuell fiskedød.

- I verste fall kan vi risikere at to års produksjon av rundt åtte millionar smolt går tapt. I tillegg får det store følgjekostnader for anlegga i Russland, så samla sett kan det verte veldig dyrt.

I verste fall kan vi risikere at to års produksjon av rundt åtte millionar smolt går tapt
Arne Geirulv

Størst i Russland
Morselskapet Russian Aquaculture omsette i fjor for vel ein milliard kroner, og fekk eit resultat før skatt på 360 millionar kroner.

Både omsetning og resultat er litt ned frå året før.

Selskapet eig no 37 oppdrettslokalalitetar for oppdrett av laks og regnbogeaure, i hovudsak i Murmansk-regionen.

Russian Aquaculture er det største oppdrettsselskapet i Russland, satsar offensivt og har kjøpt opp to nye lokalitetar i tillegg til dei to foredlingsanlegga Tri Ruchya og Murmanrybprom.

Sanksjonar og korona
I årsrapporten går det fram at koronapandemien har gitt utfordringar, men der ein har sett i verk ei rekke tiltak slik at ein har klart å oppretthalde produksjonen.

Derimot vert det vist til at sanksjonar frå US og EU har ført til at selskapet har problem med tilgangen til ein del marknader.

Støste aksjonær er Maxim Vorobiev, bror til borgarmeisteren i Moskva fylke. Han eig 47,67 prosent av selskapet, som er notert på børsen i Moskva.

Publisert: 15.06.2021 05:55

Sist oppdatert: 15.06.2021 07:49

Mer om