Få dagar før påska kom snøen som berga besøket i høgtida for ein rekke skisenter på Nordvestlandet.
Strandafjellet melder om godt besøk med smekkfull parkeringsplass skjærtorsdag, og 12.000 gjestar frå palmelaurdag til måndag 2. påskedag.
– Det har vore veldig bra, og over forventingane vi hadde på førehand, seier marknadssjef Mari Riksheim ved Strandafjellet Skisenter til Nett No.
Tidlegare i sesongen har lange kuldeperiodar gitt gode forhold for kunstsnøproduksjon. Då nysnøen kom, gav det gode forhold i bakkane.
– Då sola titta fram i tillegg gjorde det at folk trakk ut. Vi har hatt ein av våre beste påsker på fleire år, og er strålande fornøgd med tala, seier Riksheim.

– Viktig for oss å ha heilårsdrift
Påskehøgtida er mellom dei viktigaste dagane for mange skisenter. Slik er det også for Strandafjellet.
Vintersesongen er også den viktigaste sesongen med kring dobbelt så mange besøkande som i sommarsesongen. Fleire cruiseturistar som tek gondolen om sommaren, har samtidig gjort at skisenteret har eit meir stabilt driftsgrunnlag.
– Somrane gjer at vintrane går lettare. Det er viktig for oss å ha heilårsdrift, og tilby arbeid til folk heile året, seier Riksheim.
Måtte stenge éin dag
Forutan hos dei to største skisentera – Strandafjellet og Bjorli – var det venta stengte trekk og heisar få dagar før påske.
I Hornindal var dei spente på snøen som kom før palmehelga, ville gjere at dei klarte å halde ope gjennom høgtida.
Det klarte dei. Nesten.
– Vi måtte stenge onsdag, då det regna, men elles hadde vi ope. Det var over forventingane våre slik det såg ut før påska, fortel driftsleiar Per Mattis Lødøen ved Hornindal Skisenter til Nett No.
Ved Arena Overøye Stordal Alpinsenter måtte dei stenge onsdagen, men hadde ope elles. Harpefossen skisenter i Stad hadde ope gjennom påska, medan det har vore stengte trekk mellom anna i Ørsta, Volda og på Ørskogfjellet.
Publisert: 07.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 06.04.2026 20:47






