OFS foto OFS
POSITIV KONTANTSTRAUM: OFS ved Måløy ventar å oppnå positiv kontantstraum frå sitt landbaserte oppdrettsanlegg i år.
Nytt

Påskegevinst for landbasert oppdrett

OSF fekk inn investorar med 4,3 millionar kroner i den stille veka.

03.04.2024

Fredag før palmesøndag passerte det landbaserte oppdrettsselskapet OFS ved Måløy minstemålet for kapitalutvidinga som starta 12. desember i fjor.

Med 56,28 millionar kroner på plass valde selskapet likevel å halde kapitalutvidinga gåande fram til absolutt siste frist, som var fredag 31. mars, første påskedag.

Det betalte seg, for då fristen gjekk ut hadde selskapet fått inn i alt 60,65 millionar kroner. Taket for emisjonen var 65 millionar kroner. Kapitalutvidinga vart gjennomført gjennom Dealflow, eit selskap som har spesialisert seg på å kople selskap og mindre investorar.

- Vi er veldig tilfredse med at vi har lukkast med ein så stor emisjon, seier styreleiar og medeigar Ronny Magne Almenning.


255 investorar

I alt 255 investorar har vore med på kapitalutvidinga. Poenget med å hente pengar var å auke produksjonskapasiteteten.

No har OFS nok til å bygge eitt kar på 2500 kubikkmeter og truleg grunnlaget for å lånefinansiere ytterlegare eitt kar, som skal byggast inne i eksisterande i bygg i anlegget, ifølgje Almenning.

Planen er å starte kommersiell produksjon og få positiv kontantstraum i løpet av 2024.

Ny emisjon ikkje avklart
I prospektet til kapitalutviding som vart sendt ut i fjor, står det at selskapet planla ei ny kapitalutviding på 150 millionar kroner, i september i år.

Om den kapitalplanlegginga blir gjennomført etter planen, er førebels ikkje avklart, ifølgje Almenning.

Publisert: 03.04.2024 05:00

Sist oppdatert: 02.04.2024 23:00

Mer om