I regi av Møre og Romsdal tingrett er det gjort bevisopptak i eit rettsmøte der partane var Vard og Røkke-selskapet Rosellinis Four-10.
Rettsmøte som starta klokka 10 i Ålesund tysdag 15. oktober var oppført i berammingslista utan at det var opplyst kven som var partane i saka.
Åtte advokatar
Advokatane Ane Vilnes, Kamilla Hope Kleppenes, Morten Valen Eide, Ola Øverseth Nisja - frå Wikborg Rein representerte Rosellinis Four-10, og Anders Eide Røyneberg, Eva Mathilde Rye Ramberg, Pål Lieungh, Svein Aage Valen frå Thommessen representerte Vard.
Etter det Nett No erfarer er bevistopptaket knytt til ei komande voldgiftsak i samband med ein tvist knytt til bygginga av den kombinerte yachten og forskingsfartøyet Rev Ocean.
Nett No kjenner ikkje til kva partane er usamde om.
Nett No har ikkje lukkast å få nokon av partane til å kommentere saka.
«Vi kommenterer ikke denne saken», er det korte svaret frå kommunikasjonssjef Anne Bent Skjellum i Vard.
Rosellinis Four-10 er selskapet som bestilte det mykje omtala Rev Ocean-fartøyet, og skal stå som eiger, ifølgje det som er opplyst tidlegare.
Nett No har tysdag ikkje fått kontakt med Nina Jensen som prosjektleiar i Rev Ocean, for ein kommentar.

Har vore i retten tidlegare
Det var tilbake 2017 at Vard fekk oppdraget av Rosellinis Four-10,som er eigd av Røkke-familien.
Bestillinga var eit 182 meter langt fartøy som skulle nyttas til forsking, ekspedisjonar og som privat yacht - som ville vere verdas lengste. Kjell Inge Røkke hadde sjølv planar om å bu om bord fleire månader i året.
I ettertid er det gjort fleire endringar og det er kjent at verftsgruppa og Røkke-selskapet har vore usamde om fordelinga av kostnadene. Det førte mellom anna til at dei møtest i ei valdgiftssak i 2022.
Les også
Kutta i to og forlenga
Hausten 2023 fortalde Vard at det var signert ei ny kontrakt for levering av Rev Ocean-skipet.
Ny leveringsdato for skipet var februar 2025, som ville bety at skipet skulle vere klart for drift mot slutten av 2026, blei det opplyst i pressemeldinga.
Samtidig blei det opplyst at skipet byggjast om ved at det blir kutta i to – og forlenga med 12 meter. Ombygginga ville mellom anna føre til at hangaren på skipet vart større og fekk fleire vitskapsfunksjonar, ifølgje meldinga.
Vard skulle sluttføre bygginga ved eit passande verft i Norge, noko som seinare viste seg å vere Fosen Yard.
Flytta til Fosen i fjor
Då Rev Ocean-skipet blei flytta til trønderverftet i februar 2024, fortalde Nina Jensen til Nett No at dei skulle samarbeide om å gjere skipet ferdig.
– Arbeidet i dokk vil bestå av 12 meter forlenging som partane har blitt einige om, og utførast av Vard og deira underleverandørar i samarbeid med Fosen Yard, opplyste ho.
Skipet var opprinnelig designa til å vere 183 meter langt, og vil dermed ende opp med ei lengde på 195 meter.
Les også
Publisert: 16.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 15.10.2024 21:47