Frank sve 1
KRITISK TIL R8ME-SAKA: Frank Sve (Frp) under fylkestinget måndag. Skjermfoto: Mrfylke.no
Nytt

R8Me-rapporten: - No er det jammen nok

Opprørd Frank Sve (Frp) vil ha tilbakebetalt millionar som er brukt i samband med fylkeskommunalt aksjekjøp.

Marius Rosbach
24.04.2023

Då fylkestinget i Møre og Romsdal innleia sitt møte måndag, klarde ikkje Frank Sve la vere å nemne den omstridde R8Me-saka i ein kommentar til sakslista.

- Det er ei vanvitig sak og no er det jammen nok, sa Frp-politikaren.

Fylkespolitikarane skal ta stilling til ein kritisk granskingsrapport i sitt møte. På førehand har politikarane mellom anna fått brev frå leiartrioen der dei tek til motmæle mot skuldingane i rapporten frå Deloitte.

Sve la ikkje skjul på at han var kritisk til brevet frå leiinga i Fylkeshuset As og R8Me As.

Følg direktesending frå fylkestinget her (ekstern lenke)

Frp vil be om at politikarane i fylkesutvalet skal snu kvar stein i saka. I eit framlegg (sjå under) ber partiets representantar at all fylkeskommunal deltaking i styrer, råd og utval blir gått gjennom.

Les heile Frp-forslaget her

Framlegg til vedtak:

Fylkestinget gjev Fylkesutvalget sine faste medlemmar utan Administrasjon, fullmakt til å gå igjennom absolutt alt av fylkesadministrasjon deltagelse i styrer, råd og utvalg på vegner av fylkeskommunen.

Fylkesutvalget får fullmakt til å legge fram for fylkestinget, framlegg på nye medlemmar i slike selskap som erstattar administrative representantar.

Fylkesutvalget får også fullmakt til å gjennomgå alle oppdrag/avtalar fylket har med tidligare tilsette i fylkeskommunen, med bakgrunn i behovet for øyeblikkeleg opphør av slike avtalar.

Fylkesutvalget får i oppdrag å førebu Korleis dei 8,5 mill kr som er forbrukt av fylkeskommunale selskap ang den aktuelle saka, kan drivast inn og krevast betalt attende til fylkeskommunen.

Fylkesutvalget får også fullmakt til å leie inn nødvendig juridisk bistand.

Fylkesutvalget legg deretter rapport og sak fram for fylkestinget innan utgangen av inneværende valperiode.

Mvh

Frank Sve

Geir Stenseth

Anne Marie Fiksdal

Hans Olav Myklebust

Håkon Strand

Gunnhild Meringdahl

Jan Steinar Engeli Johansen

Vil ha tilbakebetalt millionar
Frp vil mellom anna at fylkesutvalet gjennomgår alle oppdrag og avtaler fylke har med tidlegare tilsette, og at slike avtaler skal opphøyre.

Dei ber også om at fylkesutvalet undersøker korleis kring 8,5 millionar kroner som er brukt i samband med saka, kan bli betalt tilbake.

Resultatet av arbeidet vil dei ha lagt fram i ein rapport for fylkestinget innan utgangen av inneverande valperiode.

Ber om handlingsplan
I saksutgreiinga som ligg på bordet foreslår fylkeskommunedirektøren også ein rekke tiltak. Mellom desse er:

  • Sikre eigarstyring av Fylkeshuset As og rutinar for habilitet i saker mellom selskapet og fylkeskommunen.
  • Vurdere om det rente- og avdragsfrie lånet Fylkeshuset As ga til R8Me-selskapet, er gitt i samsvar med reglane for offentleg støtte.
  • Sikre tilpassingar som gir rett til offentleg innsyn.
  • Lage etiske retningslinjer for næringsverksemd og anna arbeid for fylkeskommunalt tilsette.

Ifølgje innstillinga skal også fylkesutvalet kome med ein handlingsplan til kontrollutvalet innan 15. august, om korleis tilrådingane i Deloitte-rapporten skal følgjast opp.

Publisert: 24.04.2023 14:15

Sist oppdatert: 24.04.2023 14:18

Mer om