Kort fortalt

Gjer R8me til holdingselskap

Hevdar at selskapet skal betale attende gjeld.

21.04.2023

Selskapet R8me blir gjort om til eit holdingselskap som skal vere aksjonær i eit nytt selskap, skriv Sunnmørsposten. Det nye selskapet skal sette den opphavlege iden om å etablere eit berkraftrangeringselskap ut i livet.

Brevet er underteikna daglig leiar i Fylkeshuset AS, Gudmund Lode, styreleiar og tidlegare fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik og dagleg leiar i R8Me, Ole Helge Haugen. Det er sendt til fylkestinget.

Eigedomsselskapet Fylkeshuset as kjøpte 50 prosent av aksjane i R8me av ein tilsett i fylkeskommunen for fem millionar kroner, same år selskapet var etablert og til ti gangar meir enn selskapet var verdsett til i ei kapitalutviding få månader før. Fylkesskommunen er majoritetseigar i Fylkeshuset og transaksjonen vekte sterke reaksjonar då handelen vart kjent.

Ei gransking revisjon og advokatselskapet Deloitte gjorde på oppdrag frå Kontrollutvalet i fylket retta kritikk både mot framgangsmåte og pris.

I fjor haust selde Fylkeshuset aksjane attende til R8Me, på kreditt.

Transaksjonane til Fylkeshuset omfattar også eit lån på 3,5 millionar kroner til R8Me.

I brevet står det at Fylkeshuset har inngått ei ny avtale der fordringar Fylkeshuset as har på R8Me no blir renteberande og skal betalast attende i takt med at R8Me får utbytte frå det nye selskapet som R8Me skal vere medeigar i. Det står ikkje kor stor fordringa er.

Publisert: 21.04.2023 21:29

Sist oppdatert: 21.04.2023 21:32

Mer om