De262e099e69 fylkeshuset 1 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
MEIR TID: Ein ny avtale gir R8Me meir tid til å betale attende lån til selskapet Fylkeshuset as, der Møre og Romsdal Fylkeskommune er største aksjonar. Foto: Møre og Romsdal Fylkesjommune
Nytt

Utset tilbakebetaling av gjeld

Fristen for at omstridde R8Me skal betale tilbake millionlån, gjeld ikkje lengre.

24.04.2023

Ny avtale gjer at berekraftrangering-selskapet R8Me ikkje lenger treng å betale attende lån på 3,5 millionar kroner innan juni i år.

R8Me vart eit omstridd selskap i fylkespolitikken etter at selskapet Fylkeshuset As, med Møre og Romsdal Fylkeskommune som majoritetseigar kjøpte halvparten av aksjane i R8Me for fem millionar kroner i 2021, same år som R8Me blei etablert.

Aksjane vart kjøpt frå grunnleggaren, Ingvild Nistad, sitt selskap Rateme Markets. Ho var då var tilsett i fylkeskommunen. Prisen verdsette selskapet til 10 millionar kroner.

Fylkeshuset As hadde og har tidlegare fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik som styreleiar og juridisk direktør Gudmund Lode som dagleg leiar. Guttelvik har vore styreleiar for R8Me sidan januar 2022. Fylkeshuset eig først og fremst bygget som husar fylkeskommunen sin administrasjon i Molde.

Kontrollutvalet i fylkeskommunen engasjerte revisjon- og advokatselskapet Deloitte til å granske transaksjonen.

Deloitte kom tidlegare i år med ein rapport som var kritisk både til verdsettinga og framgangsmåten då Fylkeshuset As gjekk inn i R8Me.

I dag er rapporten tema på Fylkestingsmøtet i Ålesund (antatt tidspunkt er 14:15)

Meir frå fylkestinget:

Berekraftrangering
Ideen bak R8Me er å tilby ei rangering av mindre og mellomstore bedrifter i høve til FN sin 17 berekraftsmål. Målet er ein mest mogleg automatisert prosess.

Selskapet blei registrert i Brønnøysundregisteret i mai 2021 og hadde sitt første heile driftsår i 2022.

Ved utgangen av 2022 var eigenkapitalen tapt og selskapet måtte ha tilførsel av ny kapital.

Fekk lån
I fjor selde Fylkeshuset As aksjane sine til R8Me, som dermed sit med ei behaldning eigne aksjar.

Men Fylkeshuset er framleis långivar til R8Me. Mellom anna skuldar R8Me 3,5 millionar kroner som opphavleg skulle betalast attende innan juni i år, ifølgje Deloitte-rapporten.

No gjeld ikkje den fristen lenger. Det går fram av eit ope brev til fylkestinget, signert av Guttelvik, Lode og dagleg leiar Ole Helge Haugen i R8Me. Haugen er tidlegare leier for berekraftsarbeid i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Les heile brevet her (lenke til PDF)

Opprettar nytt selskap
Ifølgje brevet skal R8Me vere eit selskap som eig aksjar i eit nytt selskap, der ein ikkje namngitt investor kjem inn som medeigar.

Dette nye selskapet skal vidareutvikle og drive den verksemda R8Me opphavleg var tenkt til.

Gjelda R8Me har til Fylkeshuset As av skal framover bli renteberande og skal betalast etterkvart som R8Me får utbytte frå det nye selskapet.

Publisert: 24.04.2023 13:51

Sist oppdatert: 24.04.2023 19:51

Mer om