Acel Marius Granlien Anders Vedlog foto Acel 11
NYTT REKORDÅR: Kommersiell direktør Marius Granlien (t.v.) og administrerande direktør Anders Vedlog i Acel-konsernet kan melde om eit nytt rekordår i 2025. Foto: Acel
Nytt

Rakettvekst takka vere skip og oppdrett

Inntekter, overskot og talet på tilsette har skote i veret for Acel.

Marius Rosbach
25.03.2026

Acel-konsernet passerte for første gong ei omsetning på ein halv milliard kroner i 2025. Det opplyser selskapet i ei pressemelding onsdag. 

Omsetninga for konsernet beståande av Acel AS, Acel Baltic Uab og Haf Power Solutions AS, var i 2024 på 347 millionar. 

Med andre ord skaut driftsinntektene i veret med 44 prosent i løpet av fjoråret. 

Den sterke veksten er drive av høg aktivitet i fleire marknader, spesielt innan maritim sektor, landbasert oppdrett og systemintegrasjon, blir det opplyst i meldinga. 

Den positive utviklingen er venta å halde fram i 2026 med ein solid ordrereserve og gode marknadsutsikter, skriv selskapet.

Nytt rekordoverskot
Rekneskapen viser også eit nytt rekordoverskot for verksemda trass betydelege investeringar. 

Det førebelse resultatet viser eit ebitda-overskot kring 40 millionar (ebitda – driftsresultat før av- og nedskrivingar, journ. anm.). Det er nytt rekordnivå. 

Administrerande direktør Anders Vedlog påpeiker i meldinga at overskotet kjem til trass for at 2025 var eit år med betydelege investeringar i kompetanse, system og teknologi. 

Tilsette 57 nye i fjor 
Konsernet har i dag 239 tilsette i arbeid, etter at 2025 også blei eit vekstår på det feltet.

I løpet av fjoråret vaks arbeidsstokken til konsernet med 57 nye tilsette. Dei får også del av overskotet gjennom ei ordning i konsernet, blir det opplyst i meldinga. 

– Resultata vi ser i dag er skapte av våre tilsette. Vi har eit sterkt fagmiljø og ein kultur prega av lagånd, der vi tek ansvar og samarbeider på tvers av marknader og selskap. Det er nettopp dette som gjer oss i stand til å levera stadig meir teknisk avanserte løysingar til kundane våre, uttaler Vedlog i meldinga. 

Publisert: 25.03.2026 12:52

Sist oppdatert: 15.07.2026 15:29

Mer om