- Vi har opplevd god vekst siste åra og har auka bemanninga betydeleg. Det har stort sett gått greit, sjølv om sterk vekst også er utfordrande, seier Gunnar Hoff i Cflow.
Hoff er medeigar, styreleiar og marknadsdirektør i Sula-selskapet. Dei driv design, engineering, automasjon og produksjon av nøkkelferdige totalløsninger for fiskehandtering i brønnbåtar og fiskefarty, samt akvakultur og prosessanlegg på land. Dei leverer alt frå heilt enkle produktløysingar til komplette systemleveranser.
Det har skjedd fleire fusjonar og oppkjøp i denne bransjen, blant anna har Havyard MMC og First Process nyleg inngått intensjonsavtale om å slå saman selskapa. Tidlegare har også Optimar, Seaside og Peter Stette slått saman selskapa.
- Vi har ikkje noko nært foreståande når det gjeld fusjonar eller oppkjøp pr. no, men vi kan ikkje utelukke at noko kan skje i framtida. Det er mange nysgjerrige og som følgjer med oss, det er eit godt teikn. Men det har ikkje kome til reelle bod, seier Gunnar Hoff.
- Vi veks med kundane våre, og der både oppdrettsselskapa og fiskeri- og brønnbåtreiarlaga har blitt større. Verfta omstiller seg også frå olje til meir fiskeri og luseproblematikken gir oss også mykje arbeid. Det er også ei dreining mot å levere fleire og større totalpakker, seier han.
Både ei veksande oppdretts- og fiskerinæring og eit behov for meir industriell fiskehandtering i mange land, bidreg til veksten nasjonalt og internasjonalt.
No har selskapet til dømes prosjekt i Russland, Tasmania, Chile, Danmark, Tyrkia, Norge, Canada, Skottland Marokko, Kina og Japan.
Store kontrakter kan kome opp i 100 millionar kroner eller meir, men dei fleste ligg frå 5-6 millioner kroner opp til 20-30 millioner.
Det er difor også ei høg innovasjonsgrad i desse næringane.
- Vi er med i mange FoU-prosjekt. Det kostar, men ein må tenke nytt for å bygge næringane vidare. Det er veldig mykje avansert utstyr som er og blir utvikla, seier Hoff.
Å ha kontroll på fisken frå A til Å er avgjerande. Det er mykje fokus på å ta vare på råstoffet, både mengda og kvaliteten. Då er det ein rekke prosessar som må skje på riktig måte.
- Norge er fremst i verden når det gjeld industriell fiskehandtering og det gjer også at store delar av verden kjem til norske leverandørar, seier han.
Dermed er også service- og vedlikehaldsmarknaden veksande.
- Då er det viktig at vi kan tilby god service 24/7 og kan stille opp når det trengs.
- Vi kan levere til alle og har ikkje låst oss til eksterne kundar og system, seier Hoff.
Eit døme på eit produkt som Cflow har utvikla sjølv, er ei skybasert løysing der eigarane og kjøparane av fisken kan følgje med alt som skjer med fisken og kvar den er til ei kvar tid. Løysinga tilbyr mellom anna ein logg over kvar båten er og har vore.
- Det er eksempel på eit tungt løft vi har tatt. Ein moderne brønnbåt i dag er noko av det mest avanserte som går til sjøs, og det er små marginar i forhold til kvalitet på fisken. Ein lite skade på 10 prosent av fisken, representerer enorme verdiar.
- Oppdrett som industri har enorme moglegheiter, og vi veit også at 70 prosent av arealet på jorda er sjø. For Norge er dette den nye oljen. I dag står laksen for 10 prosent av oppdrettsindustrien globalt, noko som betyr at det er mykje anna som også vert oppdretta. Eg trur at vi globalt i mykje større grad kjem til å oppdrette fisk og sjømat industrielt framover.
Oppdrett av ein kilo fisk krev i underkant av 1 kilo fôr. Samanliknar ein dette med til dømes storfe, krev ei ku rundt 10 kg fôr pr. kilo ferdigprodusert kjøt.
Cflow jobbar til dømes no også saman med Kaston, og som rettar seg mot den veksande marknaden for oppdrett av kråkeboller.
Selskapet har nylig tilsett tre-fire nye medarbeidarar, og er fortsatt på jakt etter fleire i både produksjon og administrasjon.
- Det er veldig mange søkjarar på utlyste stillingar, men det er få søkjarar som har veldig god kompetanse på fiskehandtering. Derfor må vi bygge opp mykje av kompetansen sjølv.
Dei har ambisjonar om vidare vekst og også å ta tilbake leigeproduksjon.
- Vi må bli endå større enn vi er no. Skal vi inn i store marknader som Kina og Tyrkia til dømes, må ein vere til stades der, noko som også tar tid, understrekar Hoff.
- Vi har god kapasitet ved anlegget her, og har blant anna kai og ei stor tomt her som kan byggast ut. Plasseringa her på Holsneset er ideell. Norske ingeniørlønningar er også konkurransedyktige med mange andre land. Den flate organisasjonsstrukturen vi har i Norge bidreg til godt samarbeid og innovasjon i bedriftene.
Det er Gunnar Hoff, Øystein Molnes og Magnar Hagen som er hovedaksjonærar i Cflow med i underkant av 60 prosent. I tillegg er nokre tilsette og eksterne eigarar inne på eigarsida.
Hoff er medeigar, styreleiar og marknadsdirektør i Sula-selskapet. Dei driv design, engineering, automasjon og produksjon av nøkkelferdige totalløsninger for fiskehandtering i brønnbåtar og fiskefarty, samt akvakultur og prosessanlegg på land. Dei leverer alt frå heilt enkle produktløysingar til komplette systemleveranser.
Det har skjedd fleire fusjonar og oppkjøp i denne bransjen, blant anna har Havyard MMC og First Process nyleg inngått intensjonsavtale om å slå saman selskapa. Tidlegare har også Optimar, Seaside og Peter Stette slått saman selskapa.
- Vi har ikkje noko nært foreståande når det gjeld fusjonar eller oppkjøp pr. no, men vi kan ikkje utelukke at noko kan skje i framtida. Det er mange nysgjerrige og som følgjer med oss, det er eit godt teikn. Men det har ikkje kome til reelle bod, seier Gunnar Hoff.
Stor vekst
I fjor omsette Cflow Fish Handling for nærmare 300 millionar kroner, det er ei seksdobling berre sidan 2012. Dei har også eit søsterselskap i Chile, og som dei eig 50 prosent. Dette selskapet omsette i fjor for omlag 80 millioner kroner.- Vi veks med kundane våre, og der både oppdrettsselskapa og fiskeri- og brønnbåtreiarlaga har blitt større. Verfta omstiller seg også frå olje til meir fiskeri og luseproblematikken gir oss også mykje arbeid. Det er også ei dreining mot å levere fleire og større totalpakker, seier han.
Både ei veksande oppdretts- og fiskerinæring og eit behov for meir industriell fiskehandtering i mange land, bidreg til veksten nasjonalt og internasjonalt.
No har selskapet til dømes prosjekt i Russland, Tasmania, Chile, Danmark, Tyrkia, Norge, Canada, Skottland Marokko, Kina og Japan.
Store kontrakter kan kome opp i 100 millionar kroner eller meir, men dei fleste ligg frå 5-6 millioner kroner opp til 20-30 millioner.
Høg innovasjonsgrad
Store volum fisk representerer store verdiar i moderne brønnbåt- og fiskerifarty, og det er dermed mykje som står på spel når store volum skal handterast. God kvalitet på fisken har også direkte samanheng med handteringa av fisken. Blir fisken stressa, blir det dårlegare fiskekjøt.Det er difor også ei høg innovasjonsgrad i desse næringane.
- Vi er med i mange FoU-prosjekt. Det kostar, men ein må tenke nytt for å bygge næringane vidare. Det er veldig mykje avansert utstyr som er og blir utvikla, seier Hoff.
Å ha kontroll på fisken frå A til Å er avgjerande. Det er mykje fokus på å ta vare på råstoffet, både mengda og kvaliteten. Då er det ein rekke prosessar som må skje på riktig måte.
- Norge er fremst i verden når det gjeld industriell fiskehandtering og det gjer også at store delar av verden kjem til norske leverandørar, seier han.
Dermed er også service- og vedlikehaldsmarknaden veksande.
- Då er det viktig at vi kan tilby god service 24/7 og kan stille opp når det trengs.
Uavhengig og samarbeider med fleire
Cflow er uavhengig og samarbeidar med fleire.- Vi kan levere til alle og har ikkje låst oss til eksterne kundar og system, seier Hoff.
Eit døme på eit produkt som Cflow har utvikla sjølv, er ei skybasert løysing der eigarane og kjøparane av fisken kan følgje med alt som skjer med fisken og kvar den er til ei kvar tid. Løysinga tilbyr mellom anna ein logg over kvar båten er og har vore.
- Det er eksempel på eit tungt løft vi har tatt. Ein moderne brønnbåt i dag er noko av det mest avanserte som går til sjøs, og det er små marginar i forhold til kvalitet på fisken. Ein lite skade på 10 prosent av fisken, representerer enorme verdiar.
Oppdrett den nye oljen
Ein aukande oppdrettsindustri vil vere avgjerande for å dekke matbehovet til verdas befolkning framover.- Oppdrett som industri har enorme moglegheiter, og vi veit også at 70 prosent av arealet på jorda er sjø. For Norge er dette den nye oljen. I dag står laksen for 10 prosent av oppdrettsindustrien globalt, noko som betyr at det er mykje anna som også vert oppdretta. Eg trur at vi globalt i mykje større grad kjem til å oppdrette fisk og sjømat industrielt framover.
Oppdrett av ein kilo fisk krev i underkant av 1 kilo fôr. Samanliknar ein dette med til dømes storfe, krev ei ku rundt 10 kg fôr pr. kilo ferdigprodusert kjøt.
Cflow jobbar til dømes no også saman med Kaston, og som rettar seg mot den veksande marknaden for oppdrett av kråkeboller.
Ambisjonar om vidare vekst og heimflytting
I tillegg til i overkant av 50 fast tilsette, nyttar selskapet seg av både innleigd arbeidskraft og leigeproduksjon i Norge, Sverige og Danmark.Selskapet har nylig tilsett tre-fire nye medarbeidarar, og er fortsatt på jakt etter fleire i både produksjon og administrasjon.
- Det er veldig mange søkjarar på utlyste stillingar, men det er få søkjarar som har veldig god kompetanse på fiskehandtering. Derfor må vi bygge opp mykje av kompetansen sjølv.
Dei har ambisjonar om vidare vekst og også å ta tilbake leigeproduksjon.
- Vi må bli endå større enn vi er no. Skal vi inn i store marknader som Kina og Tyrkia til dømes, må ein vere til stades der, noko som også tar tid, understrekar Hoff.
Gode forutsetningar
Når ein ser på vekstpotensialet for fiskeri- og akvakultur globalt, er det nesten berre fantasien som setter begrensingar.- Vi har god kapasitet ved anlegget her, og har blant anna kai og ei stor tomt her som kan byggast ut. Plasseringa her på Holsneset er ideell. Norske ingeniørlønningar er også konkurransedyktige med mange andre land. Den flate organisasjonsstrukturen vi har i Norge bidreg til godt samarbeid og innovasjon i bedriftene.
Det er Gunnar Hoff, Øystein Molnes og Magnar Hagen som er hovedaksjonærar i Cflow med i underkant av 60 prosent. I tillegg er nokre tilsette og eksterne eigarar inne på eigarsida.
Eg trur at vi globalt i mykje større grad kjem til å oppdrette fisk og sjømat industrielt framover
Publisert: 13.03.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07