Trond Håkon Schaug Pettersen Salmon Evolution Fiskeri og havbrukskonferansen Raudeberg 2023 foto Ogne
VEKSTAUKE: Fisken vekst raskare og produksjonsstart i andre byggesteg er like om hjørnet fortel Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug Pettersen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Raskare vekst med nytt fôr

Salmon Evolution set ut den første fisken i byggesteg to av anlegget innan 14 dagar.

08.04.2026

Det børsnoterte oppdrettselskapet driv landbaserte oppdrett  i Indre Harøy på Romsdalskysten, med fleire investorar på Nordvestlandet blant dei største aksjonærane. 

Andre byggesteg av anlegget er ferdig. Det skal meir enn doble produksjonskapasiteten til selskapet. Innan 14 dager blir den første fisken sett ut i tankane i den nye delen av anlegget, fortel selskapet i ei oppdatering av status per 1. kvartal i år. 

Selskapet har skifta fôr og justerte driftsrutinane sine. Straks det var innført og innkøyrt slo det ut i "eit markant taktskiftet i veksten", skriv selskapet i oppdateringa og legg til at resultata "styrkjer tilliten til dei kommuniserte operative måla for dei komande periodane." 

Oppdateringa talfestar ikkje taktsklftet i veksten.

Betre pris
I fjor fekk Salmon Evolution 69,50 kroner kiloen for laksen sin. Det var ned frå 93,40 kroner året før og medverka saman med auka kostnadar til at underskotet auka i 2025 samanlikna med 2024. 

I første kvartal i år fekk Salmon Evolution 84 kroner kiloen, some er den høgaste prisen sidan 2. kvartal 2024.

Selskapet slakta 1765 tonn laks (sløyd vekt) i første kvartal.

Publisert: 08.04.2026 07:33

Sist oppdatert: 08.04.2026 07:33

Mer om