Ratefesten held fram
Ingen nye rekordar, men Island Offshore-skip får over 2 millionar dagen for riggflytt.
Dei høge ratene for ankerhandlarar i Nordsjøen held fram.
Island Offshore-skipet Island Vanguard får no 170.000 pund dagen med selskapet CNR International UK, tilsvarande vel 2,0 millionar kroner, for å flytte riggen Wellsafe Guardian på britisk sektor.
Også Maersk-skipet Maersk Lifter deltar i arbeidet, og får 160.000 pund. Kontrakten er på tre dagar fast, og dagleg inntil ytterlegare 11 dagar, med oppstart 30. juni.
191.535 pund
Men det er dei som får endå betre betalt. Ifølgje Kristiansand-meklaren Westshore får Viking Supply-skipet Brage Viking 2,15 millionar kroner dagen for å flytte riggen Deepsea Aberdeen for Equinor.
Dette arbeidet startar også 30. juni, og kontrakten er på to dagar fast og dagleg i inntil 12 nye dagar.
Oversikta frå Westshore viser at det siste dagane er teikna fleire nye kontraktar for ankerhandlarar på rundt 160.000 - 170.000 britiske pund, men aller best betalt hittil har DOF-skipet Skandi Skansen fått etter at ConocoPhilips betalte 191.535 britiske pund for riggflytt.
Til samanlikning låg ratene over 300.000 kroner dagen i juni i fjor.
Trur på ny rekord
Det er spenning knytt til om raterekorden for ankerhandlarar vert slått i år. Den rekorden skriv seg frå 2007, då det for eit riggflytt vart betalt 200.000 britisk pund.
Westshore-meklar Henrik Andersen Kuosmanen har uttalt til NETT NO at han trur rekorden vert slått ettersom det er få tilgjengelege skip og bra med oppdrag framover å kjempe om for dei få skipa som ikkje er på faste oppdrag.
Blant anna er fire ankerhandlarar opptekne med å flytte vindturbinar til Hywind Tampen.
Jamnt bra for PSV-ar
Knappheit på båtar har ført til at operatørane sikrar seg båtar stadig lenger fram i tid.
For PSV-ar viser statistikkane til Westhore at ratene held seg nokså stabile på vel 200.000 kroner dagen på britisk sektor, og gjerne litt under på norsk sektor. Dei fleste slutningane er på britisk side.
200.000 kroner er rundt det doble av ratene i juni i fjor.
Publisert: 29.06.2022 13:03
Sist oppdatert: 29.06.2022 13:03