Loke Viking innfelt henrik 11
RATEFEST: Loke Viking får 2,3 millionar dagen for riggflytt. Meklar Henrik Andersen Kuosmanen trur rekorden frå 2007 straks vert slått. Foto: Wikimedia Commons/Westshore
Nytt

- Har ikkje sett slike rater sidan 2007

Får 2,3 millionar dagen for riggflytt. Meklar trur ikkje toppen er nådd.

22.06.2022

- Det kjem ein del nye jobbar som ein er på jakt etter skip til. Slik det ser ut til no, kan ratene for ankerhandlarar stige endå meir.

Det seier meklar Henrik Andersen Kuosmanen ved Westshore i Kristiansand.

Viking Supply Ships-skipet Loke Viking får no 190.000 britiske pund i døgnet for flytting av Transocean-riggen Paul B. Loyd Jr. Riggen skal i arbeid på britisk sektor for oljeselskapet Serica Energy.

Beste på 15 år
190.000 pund utgjer vel 2,3 millionar kroner, og er ny årsrekord etter at Havila Shipping-skipet Havila Jupiter tysdag fekk vel 2,1 millionar.

Også Siem Offshore-skipa Siem Pearl og Siem Ruby er med på riggflytten, i ein kontrakt som er på fem dagar fast, og inntil ti nye dagar.

Siem-skipa får 180.000 pund, tilsvarande nær 2,2 millionar.

Henrik Andersen Kuosmanen har gått gjennom statistikken for spotrater i Nordsjøen, og han måtte 15 år tilbake i tid for å finne maken.

- Vi har ikkje sett slike rater sidan 2007. Då var det jobbar til 200.000 pund.

Trur på ny rekord
Han trur den rekorden no vert slått.

- Ja, det kan sjå slik ut. Det er ekstremt stramt med ingen ledige ankerhandlarar i Nordsjøen til fleire oppdrag som no skal utførast.

Han opplyser at det er no 16 ankerhandlarar på norsk side og åtte på britisk side, men fleire av desse er på oppdrag.

Blant anna gjeld det fire ankerhandlarar som er i gang med å flytte vindturbinar til Hywind Tampen, eit arbeid som truleg vil pågå i heile juli.

- Det finst framleis 12 ankerhandlarar i opplag, men vi trur ingen av disse kommer tilbake i marknaden i år.

Vert endå strammare
Også adm. dir. Trond Myklebust i Kristiansand-baserte Viking Supply Ships trur at ratene skal vidare opp.

- Marknaden er i ferd med å stramme seg ytterlegare til. Det har kome fleire forespørslar siste dagane, som enno ikkje er dekka opp.

Fire ankerhandlarar frå Viking Supply Ships skulle i utgangspunktet jobbe for eit russiske oljeselskap i sommar, men på grunn av sanskjonar miste selskapet kontrakten. No kan ein i staden hauste av gode spotrater i Nordsjøen.

- Ja, her har dette så langt slått positivt ut for Viking Supply Ships, seier Kuosmanen.

Det er ekstremt stramt med ingen ledige ankerhandlarar i Nordsjøen til fleire oppdrag som no skal utførast
Henrik Andersen Kuosmanen

Litt verre for PSV-ar
Medan det er ratebonanza for ankerhandlarane, opplyser han at situasjonen for PSV-ar har roa seg ned.

- Vi hadde ein stram marknad med høge rater for to veker sidan, men no ser vi at ratene i snitt ligg rundt 20.000 pund på britisk side, tilsvararane rundt 240.000 norske kroner.

- På norsk side ligg ratene under 200.000 kroner.

- For PSV-ar det ein del fleire tilgjengelege skip enn for ankerhandlarar, seier Kuosmanen.

Publisert: 22.06.2022 10:50

Sist oppdatert: 22.06.2022 10:54

Mer om