Støre Tajik Foto Vidar Ruud
FORMUESSKATT: Ap-leiar Jonas Gahr Støre (t.v.) og nestleiar Hadia Tajik er blant dei som reagerer på Witzøes utspel. Her frå framlegginga av alternativt budsjett i 2019. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

Raudgrøne politikarar ut mot laksemilliardær

Milliardæren Gustav Witzøe åtvara torsdag om at formuesskatten kan tvinge norske oppdrettsbedrifter til å flagge ut.

30.07.2021

Både SV- og Ap-politikarar kritiserer han.

– Dette er uhorveleg frekt av Witzøe. Ein mann som har tent milliardar på norske naturressursar, på laksen og fjordane våre, truar altså med å flytte ut av landet framfor å skulle bidra til fellesskapet han har vorte så rik i, seier SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski til VG.

Uttalen kjem etter eit intervju i Dagbladet med Witzøe, som driv oppdrettslakskonsernet Salmar.

– Formuesskatten er ein særnorsk skatt som favoriserer utanlandsk eigarskap over norsk eigarskap. Og han tappar eigenkapital frå bedriftene. Formuesskatten bør avskaffast i sin heilskap, seier han.

- Berre trist
I tillegg åtvarar han om at resultatet kan bli at norske oppdrettsbedrifter hamnar på utanlandske hender.

– Dette utspelet er berre trist, og vitnar ikkje om god forståing for samfunnskontrakten der samfunnet stiller opp, men har òg forventningar til kva som blir levert tilbake, seier stortingsrepresentant Cecilie Myrseth (Ap) til Dagbladet.

Når bedrifta er verd så mykje som det Gustav Witzøes bedrift er, så er det berre rimeleg at han bidreg til fellesskapet
Jonas Gahr Støre

Har misforstått
Både Myrseth og partileiar Jonas Gahr Støre meiner Witzøe har misforstått formuesskatten.

– Poenget er at formuesskatten går på personar, ikkje bedrifta. Når bedrifta er verd så mykje som det Gustav Witzøes bedrift er, så er det berre rimeleg at han bidreg til fellesskapet, seier Støre til Dagbladet.

Ap-nestleiar Hadia Tajik er sterkt kritisk til at Witzøe meiner selskap som hans kan komme til å flagge ut.

– Eg synest veldig lite om at ein familie som har bygd den enorme rikdommen sin på våre felles, norske naturressursar, truar med å flytte ut fordi dei må bidra til fellesskapet, seier ho til VG.

Publisert: 30.07.2021 10:49

Sist oppdatert: 30.07.2021 12:12

Mer om