Har regjeringa allereie bestemt seg for å skrinlegge Stad skipstunnel? Det er Alfred Bjørlo sin teori etter at han stilte eit spørsmål til fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i Stortinget.
Stortingspolitikaren frå Venstre ville vite om statsråden kunne garantere at forhandlingane for å få prisen ned ville vere ferdige i tide til regjeringa si framlegging av statsbudsjettet for neste år.
Det svarar ikkje Næss på.
Viser til framlegging av budsjettet
I staden viser fiskeriministeren til dei tre tilboda som kom inn i juni – og at dei no er til vurdering.
– Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om oppfølginga av prosjektet Stad skipstunnel i samband med framlegginga av forslag til statsbudsjett for 2026, er alt statsråden har å seie.
Det får Venstre-politikaren Bjørlo til å reagere.
– Ho svarer ikkje ein gong på om desse forhandlingane - som burde ha starta rett etter anbodsfristen gjekk ut i juni - er påbegynt, seier han til Nett No.
Opplyser at det ikkje har vore forhandlingar
Stad skipstunnel er lagt opp til ein konkurranse med forhandlingar. Men etter det Nett No har fått opplyst, har det ikkje gått føre seg noko forhandlingar.
Det stadfesta Sveinung Nedregotten som er ansvarleg for kommunikasjon og samfunnskontakt i Kystverket denne veka.
Men det har vore jobba med avklaringar om innhaldet i anboda.
Meiner regjeringa har bestemt seg
Opplysningane fell ikkje i god jord hos Alfred Bjørlo.
– Det er rimeleg å anta at regjeringa no har bestemt seg for å skrinlegge prosjektet, men at dei ikkje vil seie noko før valet, meiner han.
– Om det er tilfelle at det har gått tre månader sidan anboda kom inn, og det ikkje er gjort noko som helst, så er det ei skandale, legg Venstre-politikaren til.
Må til ny behandling i Stortinget
Stortinget har vedteke at dersom prisen på skipstunnelen overstig fem milliardar kroner, målt i 2021-verdi, måtte prosjektet tilbake til Stortinget for ny behandling.
I sommar blei det klart at tilboda frå dei tre entreprenørane ligg over denne summen – men dei eksakte summane er ikkje kjent.
Fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Vestland har ønska at summane blei gjort offentleg før valet.
I eit intervju med Sunnmørsposten nyleg sa Arbeiderpartiets Per Vidar Kjølmoen seg samd med statsminister Jonas Gahr Støre, som meiner prosjektet må skrotast om det viser eg å bli «ekstremt dyrt».
Publisert: 05.09.2025 21:34
Sist oppdatert: 05.09.2025 22:47






