Polarsyssel In Port 2022 1 foto Bjørn Christian Tørrissen CC BY SA 4 0 via Wikimedia Commons
NY AVTALE: Sysselmesterne på Svalbard skal inngå ei ny avtale om leige av skip. I dag er det dette fartøyer som har oppdraget. Foto: Bjørn Christian Tørrissen, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
Nytt

Redd fartøy til sysselmesteren blir bygd i utlandet

Legg mest vekt på pris. Maritimt Forum Nordvest ber om revurdering av krava.

02.05.2023

Maritimt Forum Nordvest har bedt Justis og beredskapsdepartementet om å revurdere krava som Sysselmesteren på Svalbard har stilt til den som vil konkurrer som å leige ut eit skip til Sysselmesteren i åra 2025-2030.

Den som vinn kontrakten kan óg få forlenga den med to pluss to år, dersom Sysselmesteren vel å nytte opsjonsklausulen i kontrakten.

Pris og kostnader skal telje 70-80 prosent
Maritimt Forum reagerer på at Sysselmesteren skriv at pris og kostnader til drivstoff vil telle 70-80 prosent når det skal avgjerast kven som ska få oppdraget.

Det er aktørar som er interessert i å stille med eit nybygg i konkurransen.

Dersom det blir eitt av reiarlaga som stiller med nybygg som vinn konkurransen, er Maritimt Forum redd for at eit eventuelt nytt fartøy blir bygd ved eit utanlandsk verft, fordi pris blir lagt så stor vekt i vurderinga.

Ekstra prekært
"Det har vært stort fokus den siste tiden på utformingen av offentlige anskaffelser, og det er svært gledelig at regjeringen nå vil vektlegge miljøkrav i offentlige anskaffelser. Det vil gi oss grønnere skip, og ettersom Norge er i verdensklassen på utvikling av teknologi og utstyr innen dette, vil ei slik vekting også medføre at flere kontrakter tilfaller norske aktører.

Ei slik vekting må kunne anses som ekstra prekær i et tilfelle som dette, hvor fartøyet skal benyttes i sårbare polarområder. I konkurransegrunnlaget har man lagt vekt på at man ønsker et fartøy med reduserte drivstoffkostnader; men det ville vært langt mer slagkraftig, og strengt tatt nødvendig, å vektlegge reduserte CO2-utslipp. Det er fortsatt mulighet å sikre at dette fartøyet blir så bra som det bør bli, men da må man ta tak i dette umiddelbart og få endret konkurransegrunnlaget straks.", skriv dagleg leiar Elise Fiske i Maritim Forum Nordvest til departementet.

Vil ha hybrid framdrift
Fartøyet som Sysselmesteren brukar i dag er 88 meter langt, har lugarplass til 35 og mellom anna helikopterdekk. Sysselsmesteren vil ha eit skip som kan gå i isen, og mellom anna kan delta i oljevernaksjonar.

Det nye skipet skal ha eige rom for plassering av batteri for å kombinere diesel og batteri som energikjelder. Eventuelt kan batteri plasserast i kontainer på dekk.

NETT NO bad torsdag 27. april Sysselmesteren, via rådgivar kommunikasjon Eva Therese Jenssen, om å utdjupe kor stor vekt Sysselmesteren legg på dei to faktorane pris på fartøy og drivstoffkostnadar, men har førebels ikkje fått svar.

Må brette opp ermane
Fiske seier til NETT NO at Maritim Forum nyleg blei kontakta av medlemer om saka, og har arbeidd opp mot styresmaktene sidan.

- Med alt det fokuset som har vore den siste tida knytt til offentlege anbod, er det synd at vi nok ein gang må brette opp ermane i ei slik sak, seier ho.

Ein rapport Menon Economics og Arntzen de Besche Advokatfirma laga for Maritimt Forum tidlegare i år konkluderte mellom anna med at Norge ligg under snittet i Europa når det gjeld andel av offentlege anskaffelsar som går til heimlege leverandørar. I følgje rapporten kan norske styresmakter gjere meir for å sikre at statlege oppdrag går til norske aktørar.

Rapporten kom med eit klart råd til norske styresmakter om å legge stor vekt på kvalitet og lågare vekt på pris, dersom ein ønskte å styrke konkurranseevna til norske skipsverft i offentlege anskaffelsar.

Publisert: 02.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 01.05.2023 23:58

Mer om