Geo Barents Middelhavet foto Candida Lobes
REDNING: Her vert 99 båtflyktningar redda, men nedst i båten fann redningsmannskapet frå Geo Barents også ti døde. Foto: Candida Lobes, Leger uten grenser
Nytt

Redda 99 båtflyktningar i Middelhavet

Geo Barents med sunnmørsk kaptein i redningsdrama i Middelhavet. Fann ti døde i overfylt trebåt.

24.11.2021

99 båtlyktningar vart redda av Ålesund-skipet Geo Barents rundt 30 nautiske mil utanfor kysten av Libya 16. november.

Det tidlegare seismikkskipet er utleigd til organisasjonen Leger uten grenser.

Om bord var det norsk kaptein og norsk maskinsjef, begge frå Sunnmøre, i tillegg til internasjonalt mannskap og personell frå Leger uten grenser.

Det opplyser dagleg leiar Øystein Uksnøy i Uksnøy & co.

Oppdraget held fram
Opphaveleg skulle organisasjonen leige skipet ut året, men no opplyser Øystein Uksnøy at leigeperioden held fram utover i 2022.

Under den siste redningsaksjonen vart det også funne ti døde menneske.

Fulvia Fonte, nestleiar i søk- og redningsteamet om bord på Geo Barents seier i eit intervju på organisasjonen si heimeside at dei ti døde vart funne i botnen av båten.

– Det tok oss nesten to timar før vi hadde fått henta og bragt alle dei døde om bord på båten vår. Slik kan vi gi dei en verdig gravferd når vi kjem i land. Dette er ei forferdeleg tragedie, som også gjer meg rasande. Desse dødsfalla kunne vore unngått, seier ho.

Geo Barents Foto Leger Uten Grenser 11
OPPDRAG: Geo Barents til reiarlaget Uksnøy & co har deltatt i fleire store redningsoperasjonar i Middelhavet. No vert kontrakten med Leger uten grenser forlenga. Foto: Leger uten grenser

Døydde av kvelning
Organisasjonen viser til at berre hittil i år har 1236 menneske som har mista livet i Middelhavet.

Under den siste aksjonen vart Geo Barents varsla av Alarm Phone og flyet Seabird om ein kritisk overfylt trebåt som tok inn vatn.

Leger uten grenser opplyser at dei døde menneska truleg døydde av kvelning ettersom båten lukta sterkt av bensin. Båten kom frå Libya.

Redda 367 i oktober
Fredag 19. november fekk Geo Barents gå inn til Messina med både overlevande og døde.

Ifølgje Marine Traffic ligg båten no i Augusta på Sicilia.

Geo Barents har vore med på fleire redningsaksjonar etter at oppdraget starta.

På to døgn i oktober redda båten 367 båtflyktningar, der over halvparten var mindreårige.

Les meir her.

Redning Middelhavet Candida Lobes
REDNING: Frå siste redningsoperasjonen i Middelhavet. Foto: Candida Lobes, Leger uten grenser

Mykje utstyr
Geo Barents vart oppgradert ved Fiskerstrand Verft før oppdraget i Middelhavet. Leger uten grenser har tidlegare opplyst til NETT NO at båten er spesielt godt eigna til å berge folk i havsnaud fordi skipet har to overbygde dekk. Slik kan ein bruke det eine dekket til innkvartering for kvinner og barn, og eitt dekk til menn.

Om bord er også skipsklinikk, eige rom til jordmor og observasjonsrom for medisinsk aktivitet.

Fleire lokale leverandørar har levert utstyr til skipet. Mellom anna er det levert hurtiggåande redningsbåtar som kan bli senka ned i vatnet frå skutesida.

Publisert: 24.11.2021 09:23

Sist oppdatert: 24.11.2021 13:51

Mer om