Geo Barents Foto Leger Uten Grenser 11
TIL MIDDELHAVET: Torsdag formiddag segla Geo Barents ut Breisundet og sette kursen sørover til nytt oppdrag. Foto: Leger Uten Grenser
Nytt

Geo Barents til Middelhavet

Leger Uten Grenser skal bruke det tidlegare seismikkskipet til å berge båtflyktningar.

Marius Rosbach
13.05.2021

Ein avtale med Leger Uten Grenser sikrar arbeid ut året for Geo Barents. Skipet til Uksnøy & Co-reiarlaget i Ålesund er i utgangspunktet eit seismikkskip, men er i det siste nytta som innkvartering i vindkraftmarknaden.

Geo Barents var i utgangspunktet sikra arbeid for Seabird Exploration i seismikkmarknaden, men i april blei det kjent at dette oppdraget var gått til eit anna selskap, fordi Uknsøy hadde sikra anna arbeid til skipet.

No kan reiarlaget stadfeste at det dreier seg om oppdraget i Middelhavet.

– Vi er glade for å få båten i arbeid ut 2021, og for å kunne jobbe med Leger Uten Grenser, som vi ser på som veldig positivt, fortel reiar Øystein Uksnøy til NETT NO.

Onsdag kom Geo Barents til Ålesund etter at oppgraderinga ved Fiskerstrand Verft var ferdig. Tidleg torsdag kasta skipet loss med kurs sørover.

Etterpå blei det sendt ut ei internasjonal pressemelding om oppdraget frå Leger Uten Grenser. Skipet er venta å kome til Middelhavet i starten av juni.

Følg AIS-sporinga til skipet her (ekstern lenke)

Kan ta om bord 300 personar
Maritim rådgjevar Jack Herheim i Leger Uten Grenser fortel at skipet er godt eigna til oppdraget i utgangspunktet, men at det også er gjort nokre oppgraderingar.

– Skipet har fått mykje meir redningsmateriell om bord og vil vere bemanna til å kunne ta om bord 300 personar, fortel han.

Skipet er NIS-flagga og har eit internasjonalt mannskap om bord. Reiarlaget har den maritime besetninga, og i tillegg skal Leger Utan Grenser ha kring 20 personar om bord.

(saka held fram under)

Geo Barents skuteside Foto Leger Uten Grenser 22
SØK- OG REDNINGSARBEID: Skipet er utrusta med betydelig medisinsk kapasitet i tillegg til redningsutstyr som hurtiggåande MOB-båtar. Foto; Leger Uten Grenser

Søk- og redningsarbeid
Organisasjonen skal drive søk- og redningsarbeid sentralt i Middelhavet, der mange flyktningar vågar livet for å ta seg til Europa frå kysten av Libya. Det blir ofte gjort med dårleg utrusta farkostar og med stor fare for havari.

– Dei fleste forlisa og drukningstilfella har skjedd i eit område 20-30 nautiske mil utanfor kysten, fortel Herheim.

Mellom anna det norske skipet Ocean Viking, den italienske kystvakta og fleire andre organisasjonar deltek i arbeidet, som er organisert gjennom kyststatene.

(saka held fram under)

Betydelege investeringar
Geo Barents er spesielt godt eigna til å berge folk i havsnaud fordi det har to overbygde dekk. Slik kan ein bruke det eine dekket til innkvartering for kvinner og barn, og eitt dekk til menn.

– Vi har også skipsklinikk, eige rom til jordmor og observasjonsrom for medisinsk aktivitet. Det er investert betydeleg for å få den medisinske standarden på eit nivå som gjer at vi kan behandla skadane og trauma mange av desse menneska har, fortel Herheim i Leger Uten Grenser.

Fleire lokale leverandørar har levert utstyr til skipet dei siste vekene, medan det har vore til kai ved Fiskerstrand Verft. Mellom anna er det kome på plass hurtiggåande redningsbåtar som kan bli senka ned i vatnet frå skutesida.

Geo barents foto ogne innfelt øystein uksnøy 11
OPPDRAG UT ÅRET: Øystein Uksnøy i reiarlaget sett pris på oppdraget for Leger Uten Grenser. Det nær 77 meter lange skipet Geo Barents blei bygd ved Solstrand Verft i 2007. Foto: Uksnøy & Co/Ogne Øyehaug

Publisert: 13.05.2021 09:39

Sist oppdatert: 13.05.2021 12:09

Mer om