Havila Shipping melder tysdag at selskapet har fått på plass ein omfattande restruktureringsavtale med långivarane.
No blir det kalla inn til obligasjonseigarmøte og ekstraordinær generalforsamling for å behandle forslaget for selskapsgjelda og andre element i avtaleforslaget.
Lånet kan eller skal konverterast til aksjar for å oppretthalde Sævikfamiliens eigarskap i selskapet.
Havila Holding eig i dag 50,96 prosent av Havila Shipping.
Selskapet har ei samla gjeld på 4,2 milliardar kroner, og har lenge hatt problem med å handtere gjelda.
Den nye avtalen omtalar i detalj korleis gjelda tilknytt kvart enkelt skip skal handterast.
Sentralt er det at gjelda blir delt inn i to transjer, der den eine på 3,1 milliardar kroner er renteberande og den andre på 1,1 milliardar kroner ikkje er renteberende.
Rente- og avdragsbetaling for skipa vert knytt opp til innteninga. Dersom eit skip ikkje har tilstrekkeleg inntening til å betene gjelda, så vert dette overført til gjelda som ikkje er renteberande.
Selskapet har fått tilslutning til løysinga frå obligasjonseigarar som representerer meir enn 2/3-deler av uteståande obligasjonar i obligasjonslånet HAVI 04 tilknytta Havila Clipper, og HAVI 07 tilknytta Havila Subsea.
Administrerende direktør Njål Sævik seier i ei pressemelding frå selskapet at han er veldig letta etter å ha forhandla frem ei sannsynleg løysing.
- Sjølv om dette har vorde harde forhandlingar, vart resultatet positivt.
- Våre tilsette på skipa og våre folk på land kan no føle seg mykje tryggare.
- Det har vore nokre tøffe år for alle i bransjen - også for oss. Vi har framleis tru på offshorebransjen. Dagens avtale styrkar vår tru på fremtida, seier Sævik.
No blir det kalla inn til obligasjonseigarmøte og ekstraordinær generalforsamling for å behandle forslaget for selskapsgjelda og andre element i avtaleforslaget.
Sikrar framleis kontroll
Sentralt er uansett at hovudeigar Havila Holding går inn med eit konvertibelt likviditetslån på 100 millionar kroner.Lånet kan eller skal konverterast til aksjar for å oppretthalde Sævikfamiliens eigarskap i selskapet.
Havila Holding eig i dag 50,96 prosent av Havila Shipping.
4,2 milliardar i gjeld
Havila Shipping opplyser i tysdag at avtalen er utforma med tanke på å oppretthalde ei likviditetsbehaldning på 175 millionar kroner gjennom avtaleperioden.Selskapet har ei samla gjeld på 4,2 milliardar kroner, og har lenge hatt problem med å handtere gjelda.
Den nye avtalen omtalar i detalj korleis gjelda tilknytt kvart enkelt skip skal handterast.
Sentralt er det at gjelda blir delt inn i to transjer, der den eine på 3,1 milliardar kroner er renteberande og den andre på 1,1 milliardar kroner ikkje er renteberende.
Rente- og avdragsbetaling for skipa vert knytt opp til innteninga. Dersom eit skip ikkje har tilstrekkeleg inntening til å betene gjelda, så vert dette overført til gjelda som ikkje er renteberande.
Stor positiv effekt
Avtalen gir ei positiv resultateffekt på 986 millionar kroner, som vil bli innarbeidd i reknskapen for andre kvartal 2020, under føresetnad av at avtalen blir vedtatt i dei besluttande organa.Selskapet har fått tilslutning til løysinga frå obligasjonseigarar som representerer meir enn 2/3-deler av uteståande obligasjonar i obligasjonslånet HAVI 04 tilknytta Havila Clipper, og HAVI 07 tilknytta Havila Subsea.
Administrerende direktør Njål Sævik seier i ei pressemelding frå selskapet at han er veldig letta etter å ha forhandla frem ei sannsynleg løysing.
- Sjølv om dette har vorde harde forhandlingar, vart resultatet positivt.
- Våre tilsette på skipa og våre folk på land kan no føle seg mykje tryggare.
Trur på offshorebransjen
Han seier at det ikkje er aktuelt å gå ut av offshorebransjen.- Det har vore nokre tøffe år for alle i bransjen - også for oss. Vi har framleis tru på offshorebransjen. Dagens avtale styrkar vår tru på fremtida, seier Sævik.
Publisert: 30.06.2020 14:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55