Dei nye eigarane av Langlo-bedrifta på Stranda vil ikkje produsere skyvedørsgarderobar, men i staden satse på spesialdesigna spiler, plater, listverk og anna treverk.
Det fortel dagleg leiar Jan Rune Svihus i Time Interiør til NRK Møre og Romsdal.
40 tilsette jobba på Langlo då den tradisjonsrike bedrifta gjekk konkurs i november. Førre veke blei det kjent at Time Interiør hadde kjøpt buet. Sandnes-bedrifta har tidlegare vore kunde av Langlo i over 20 år.
Les også
Planen er å starte opp att ny drift med Langlo-namnet den 5. januar. I første omgang ser Svihus føre seg at dei vil trenge 10 til 15 tilsette, og håpar på fleire etter kvart.
– Tida vil vise, men det kan fint vere både 20 og 30 tilsette i det bygget der, seier han.
Svihus meiner konkurransen på skyvedørsgarderobar frå Kina er tøff, men at dei kan hevde seg på varer som er spesialtilpassa kundane.
Publisert: 16.12.2025 14:52
Sist oppdatert: 16.12.2025 14:52






