Kjetil Nordang og Andreas Andenaes foto peab k nordang og christie opsahl
BLIR MED VIDARE: Både Kjetil Nordang (t.v.) og Andreas Andenæs som i dag leiar høvesvis Peab K- Nordang og Christie & Opsahl, skal vere med vidare i den nye selskapet. Kven som blir sjef, vil dei vente med å avsløre. Foto: Christie & Opsahl og Peab K. Nordang
Nytt

Om samanslåinga: – Eit kjærleiksforhold

Vil vente med å avsløre kven som blir ny toppsjef.

Marius Rosbach
16.12.2025

Måndag blei det kjent at Christie & Opsahl og Peab K. Nordang vil slå seg saman. Dei to entreprenørselskapa har i dag hovudkontor i høvesvis Molde og Stranda.

Per i dag er det ikkje planar om at tilsette skal flytte på seg som følgje av samanslåinga, men det vil bli endringar på sikt. 

– Det er to likeverdige selskap med spreidde funksjonar. På sikt vil det bli etablering av eit nytt hovudkontor i på «nøytral grunn» i Ålesund. Og vi vil helst bygge det sjølv, seier Kjetil Nordang til Nett No. 

Peab K. Nordang-sjefen legg til at han gjerne tek ein prat med dei som har aktuelle eigedomar. 

Vil vente med å avsløre kven som blir sjef
Både Kjetil Nordang og Christie & Opsahl-sjef Andreas Andenæs skal vere med vidare i det samanslåtte selskapet. Kven som skal leie bedrifta, vil dei vente med å fortelje. 

– Andreas og eg har ein særdeles god plan på det som vi er heilt samkøyrte på. Men vi går ikkje ut med det endå, seier Nordang. 

Eit selskap med KB Gruppen og Peab vil eige 80 prosent av aksjane i det samanslåtte selskapet, medan 20 prosent vil vere lokale eigarar, ifølgje Nordang. 

Han påpeiker samtidig at ei inntil vidare ventar på godkjenning frå Konkurransetilsynet, før noko konkret blir gjort. 

Vil ha 350 tilsette over heile regionen
Selskapet vil halde fram med avdelingskontor i Molde, Stranda, Kristiansund, Ulsteinvik, og Bergen.

Nordang påpeiker at det fungerer godt å jobbe ut frå dei ulike avdelingane  og at jobben i hovudsak uansett skjer der prosjekta blir utført. 

Samla vil selskapet gå ei omsetning kring 1,9 milliardar kroner og ha 350 tilsette. 

– Det er ei ønska samanslåing
Evna til å ta på seg større oppdrag og dekke eit større område, har vore ein viktig motivasjon for å gå saman. 

– Det er ei ønska samanslåing og eit kjærleiksforhold - og ikkje eit tvangsekteskap, seier han. 

Nordang meiner selskapa er ein god match. Christie & Opsahl står sterkt på Nordmøre og Romsdal, medan Peab k. Nordang har sitt tyngdepunkt lengre sør i regionen. Samtidig har begge vekse geografisk utover regionen dei siste åra. 

Les om 2024-resultatene til de to entreprenørselskapene:

Ordrereserven er framleis god
Medan entreprenørbransjen generelt har hatt tunge tider, har begge dei to partnarane hatt fleire år med vekst og solide overskot. 

Kjetil Nordang fortel at ordrereserven deira framleis er god – sjølv om han alltid ønsker seg fleire oppdrag. 

Bransjen generelt er framleis prega av at mange er avventande.

– Det er også store lokale forskjellar, og det er ein del som fortel at det tek lang tid med behandling av byggesaker, legg han til.

Publisert: 16.12.2025 12:26

Sist oppdatert: 16.12.2025 16:58

Mer om