Sogn og Fjordane fylke og Selje kommune
REGIONSREFORM: Motstanden mot Vestland fylke er aukande i gamle Sogn og Fjordane. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Regionsreforma går opp i liminga

Alle dei fire tvangssamanslåtte fylka kan bli splitta. Auka motstand også i Vestland.

(NPK-NTB-Bibiana Piene) Regionsreforma kan ende med at alle dei fire tvangssamanslåtte fylka søkjer om splitting. Dermed ligg den omstridde reforma til Solberg-regjeringa i ruinar.

Det er allereie klart at Troms og Finnmark, Viken og Vestfold og Telemark høgst sannsynleg kjem til å søkje regjeringa om oppløysing innan fristen 1. mars.

I Innlandet er det hårfint mellom dei som vil verne, og dei som vil splitte opp fylket.

1. mars-fristen gjeld berre tvangssamanslåtte fylke, og dermed fell Vestland, Agder og Trøndelag utanfor. Men også i Vestland er det aukande motstand mot samanslåinga. Enden på visa kan dermed bli at talet på fylke i Noreg aukar frå dagens elleve til 16 fylke.

Hastverk
Det er Stortinget som fattar dei endelege avgjerdene om splitting. Men sidan nominasjonar til neste års lokalval – og til eventuelt nye fylkesting – skjer allereie til hausten, må eit vedtak skje før sommaren. Det har gitt regjeringa meir hastverk enn dei opphavleg rekna med. Etter planen skal det leggjast fram ein proposisjon for Stortinget i mai 2022.

Fristen er knapp, erkjenner statssekretær Ole Gustav Narud (Sp) i Kommunal- og distriktsdepartementet.

– Men det er tilstrekkeleg med tid til å gjennomføre utgreiing og høyringar, gjere formelle vedtak og førebu skipinga av dei nye fylkeskommunane, seier han til NTB.

Enkelte samanslåtte kommunar, som Asker, ligg i dag på begge sider av dei gamle fylkesgrensene. Kvar dei nye grensene skal gå, må fylkeskommunane sjølv bestemme, ifølgje Narud.

Dei nye fylka skal formelt vere i funksjon frå 1. januar 2024. Prosessen i dei ulike fylka er som følgjer:

Viken
På sitt neste møte 23.- 24. februar skal Viken fylkesting vedta om dei går for oppløysing eller ikkje.

Laurdag skal Viken Ap fatte det endelege vedtaket sitt i saka. Men det synest allereie klart at både Viken Ap og Viken Sp, som til saman har 34 av dei 87 representantane i fylkestinget, går inn for splitting. Det same gjer 15 representantar frå SV, Raudt og Frp.

Også blant befolkninga i Viken er eit fleirtal, 56 prosent, for å splitte opp storfylket, viser ei meiningsmåling NRK har utført. Berre 27 prosent er imot. Dermed ser det ut til at Noregs største fylke med over 1,2 millionar innbyggjarar snart er ei saga blott, medan dei gamle fylka Akershus, Buskerud og Østfold blir vekte til live igjen.

Viken har fått utsett søknadsfristen til 8. mars.

Troms og Finnmark
Allereie i november 2019 vedtok fylkesrådet å sende søknad om oppløysing straks det baud seg ei moglegheit. Den kom etter regjeringsskiftet. I Hurdalsplattforma slo Arbeidarpartiet og Senterpartiet fast at ein søknad om å oppløyse det nordlegaste fylket i landet ville bli godkjent.

I oktober i fjor gav kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) grønt lys til oppløysinga.

Eit formelt vedtak om oppløysing skjer i fylkestinget for Troms og Finnmark 25. februar.

Kommunestyret i Alta, Finnmarks største by, har vedteke at det skal haldast ei folkeavstemming om dei skal tilhøyre Troms eller Finnmark våren 2022.

Vestfold og Telemark
Saka om deling skal behandlast i fylkestinget 15. februar.

I desember vedtok fylkeskommunen å gjennomføre ein høyringsrunde blant kommunane. Den viser at 16 kommunar ønskjer deling, medan sju vil verne det samanslåtte fylket.

Vestfold og Telemark Ap sit òg her med nøkkelen. Eit fleirtal i partiet går inn for deling, men samtidig er både AUF og LO i Vestfold og Telemark imot splitting.

Fylkeslaget skal ta endeleg stilling til saka på eit ekstraordinært representantskapsmøte 12. februar. Vedtaket vil binde fylkestingsrepresentantane til partiet.

Seier partiet ja til deling, vil det bety eit overvegande fleirtal i fylkestinget, der Ap har 18 av 61 representantar. Også Frp, SV, Raudt og halve Høgre vil ha splitting.

Innlandet
23. februar skal fylkestinget ta endeleg stilling til spørsmålet om deling.

Før den tid skal folket få seie si meining i ei digital folkeavstemming 10.- 17. februar, der også 16- og 17-åringar skal få delta.

Eit lite fleirtal av innlendingane – 50 mot 44 prosent – er for oppdeling, og iveren er størst blant dei unge, ifølgje ei meiningsmåling frå NRK.

I fylkestinget er det svært tett løp mellom Ap, Høgre, KrF og Venstre, som vil behalde Innlandet, og resten av partia med 29 mot 28 stemmer. Men delingstilhengjarane fekk gjennom vedtaket om ei folkeavstemming med støtte frå Frp og éin Ap-utbrytar.

Frp er i utgangspunktet imot deling, men vil følgje eit eventuelt klart råd frå folket, opplyser fylkesleiar Morten Kolbjørnsen. Endeleg vedtak blir fatta på årsmøtet til fylkesgruppa 19.–20. februar.

Vestland
Også i gamle Sogn og Fjordane i Vestland veks motstanden mot samanslåinga med Hordaland. Splittinga av dei andre fylka kan gi vatn på mølla, trur ordførar Arnstein Menes (Sp) i Sogndal.

– Det kan godt vere at mange splittingar set saka på dagsordenen, seier han til NTB.

Publisert: 04.02.2022 07:28

Sist oppdatert: 04.02.2022 07:33