Bernt Høie skjermdump 23 mars
STENGER: Helseminister Bernt Høie varslar ei rekkje nye restriksjonar i dag. Mellom anna må alle som kan arbeide frå heimekontor over heile landet.
Nytt

Regjeringa utset gjenopningsplan

Regjeringa kan ikkje lenger leggje fram ein plan for gjenopning av samfunnet i slutten av mars. Strammar inn over heile landet.

23.03.2021

NPK-NTB: Helseminister Bent Høie (H) varsla om den forseinka gjenopninga på ein pressekonferanse tysdag der han også kom med nye nasjonale innstrammingar.

– Vi har tidlegare varsla at vi truleg kom til å leggje fram den langsiktige planen for gjenopning av landet i slutten av mars. Det kan vi ikkje gjere slik som situasjonen er no, men arbeidet med planen er i full gang, seier Høie.

– Statsministeren har derfor bede Stortinget om å få komme og gjere greie for den langsiktige gjenopningsplanen over påske, seier Høie.

Innstrammingane innber mellom anna at alle som kan skal arbeid frå heimekontor og at alle arrangement som kan avlysast, blir avlyst.

Les heile talen til Høie her

Skjenkeforbod
Det blir forbode med skjenking av alkohol over heile landet frå torsdag 25. mars, .

Ein del kommunar har allereie skjenkestopp, men no vil altså restriksjonen gjelde for heile landet.

Sidan 23. februar har dei nasjonale reglane vore skjenkestopp klokka 22.

Treningsforbod
Regjeringa innfører forbod mot all innandørs idretts- og fritidsaktivitet for vaksne over heile landet.

Desse reglane gjeld allereie i ei rekkje kommunar, mellom anna i heile Oslo-området. Reglane blir no gjort nasjonale.

Til liks med tidlegare får toppidrettsutøvarar unntak frå forbodet om organisert idretts- og fritidsaktivitet.

Karantenehotell-påbod
Personar som kjem frå det som blir rekna som ei unødvendig utanlandsreise, må no vere heile karantenetida på karantenehotell.

Tidlegare har personar på karantenehotell hatt høve til å teste seg ut av karantenehotellet på dag tre.

Det blir ikkje lenger mogleg for personar som kjem frå det som blir rekna som ei unødvendig utanlandsreise, seier Bent Høie (H).

To meter avstand
To meters avstand blir innført i staden for éin meter er det nye avstandsrådet, og ein kan maks ha to gjester på besøk i Noreg, har regjeringa bestemt.

– Dei som du til no har halde minst éin meters avstand til, må du frå no av halde minst to meters avstand til, opplyste helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen.

– Vi rår no til maks to gjester på besøk. Viss du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk, sa Høie om dei nye råda for påska.

Åleinebuande og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av éin til to faste venner.

Dei nye tiltaka tek til å gjelde natt til torsdag 25. mars, og regjeringa vil ta ei ny vurdering 12. april.

17.mai-restriksjonar
17. mai skal også i år bli ein amputert fest.

Helseminister Bent Høie (H) rå 17. mai-komiteane i landet til å ta utgangspunkt i råda og reglane frå fjoråret når dei skal planleggje årets 17. mai.




Publisert: 23.03.2021 18:44

Sist oppdatert: 23.03.2021 19:37

Mer om