Årets store finansrettssak har no pågått i over ein månad, men det er endå sju veker att før saka Oslo tingrett skal sette punktum 16. januar neste år.
Måndag skal ålesundar og Røkke-mann, Frank O. Reite halde sitt innleiingsforedrag,der han legg fram sin versjon av saka for Oslo Tingrett.
– Kistefos si tinærming er ubegrunna og eit villspor, seier Reite til Nett No.
Reite er saman med Aker og Pareto, saksøkt i saka som Kistefos og fleire aksjonærar har teke til retten i kjølvatnet av refinansieringa av Solstad-reiarlaget.
– Eg er nok blant dei som kjem til å sitje i salen kvar dag gjennom heile saka, sa Reite då Nett.no møtte han tidlegare i saka.
Møtte Røkke i 1993
Den opphavlege herøværingen har lenge vore ein av Røkkes mest betrudde menn, og har hatt ei rekke sentrale stillingar i Aker systemet dei siste 30 åra.
Dei møttes då Reite jobba for Nordea i Seattle i 1993. Reite trakk seg som finansdirektør i Aker ASA i august 2019 etter hjarteproblem.
I forkant av rettssaka publiserte Røkke eit aksjonærbrev der han mellom anna fortalde at han tok det personleg at Reite var dratt inn i søksmålet, til tross for at Kistefos var klar over at han hadde helseproblem.
I dag er åleusundaren styreleiar i Solstad Maritime, Solstad Offshore, oljeserviceselskapet Kvenna i Ålesund, Converto, Aker-spinoffen Akastor – og Norges Roforbund. Han er også sjef og styreleiar i eigedomsselskapet Fausken, og nestleiar i Aker ASA- styret.
Skal avgi partsforklaring seinare
Reite sat i Solstad Offshore-styret som representant for storeigar Aker. Før restruktureringa eigde Aker 22,9 prosent av aksjene i selskapet.
Reite er saksøkt nummer 7, saman med styret og leiar i Solstad, Pareto Securities og styreleiar i Aker Capital Kjell Inge Røkke.
Måndag skal Reite halde det siste av innleiingsforedraga, før retten går over til partsforklaringane tysdag. Reite skal avgi si partsforklaring 17. og 18. november.
Saksøkt for interessekonflikter
Hovudaktørane Kjell Inge Røkke og Christen Sveaas kjem for det meste til å glimre med sitt fråver under den seks veker lange rettsprosessen.
Røkke må rett nok møte i vitneboksa 4. desember, men det er usikkert om rivalen Sveaas kjem til å dukke opp personleg.
Kistefos har saksøkt Reite for brot på lojalitetsplikta, rolleblanding og interessekonflikt ved at han var styremedlem i Solstad Offshore, nestleiar i Aker-styret og styremedlem i det Røkke-kontrollerte investeringsselskapet AMSC (tidlegare Aker American Shipping).
– Eg meldte meg inhabil i denne saka med ein gang det var klart at det ville bli ei interessekonflikt. Eg har ikkje teke del i prosessane rundt redningsplanen, seier Reite.
Meldte seg inhabil september 2023
Det var på styremøtet i Solstad i september 2023 Reite meldte seg inhabil. Då lanserte Aker sin plan for å rydde opp i problema som sto i vegen for å få på plass ein restruktureringsplan.
Sidan dette ville medføre tøffe forhandlingar mellom Solstad og Aker, valde Reite å trekke seg frå vidare styrehandsaming i Solstad Offshore. Aker kontrollerte då 22,9 prosent av Solstad-aksjene.
Dette er Solstad-striden:
- I oktober 2023 melde kriseramma Solstad Offshore at det hadde blitt einige med kreditorane om ein refinansieringsavtale for å redde selskapet, i samarbeid med majoritetseigar Aker Capital.
- Røkke-eigde Aker gjekk inn 2,25 milliardar kroner, samstundes som ein stor del av flåten vart overført tili eit nytt dotterselskap, Solstad Maritime, der Aker Capital vart majoritetseigar.
- Minoritetsaksjonærane fekk berre begrensa tilgang til å delta i aksjesalget i det nye selskapet.
- Christen Sveaas sitt selskap Kistefos som var nest største eigar i Solstad Offshore, meiner Aker fekk overta båtane på billegsal medan småeigarane vart utvatna.
- Sveaas-selskapet Kistefos har tatt ut erstatningssøksmål mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto. Saka startar i Oslo tingrett 7. oktober.
- Solstad var i 2017 Norges største reiarlag med 154 skip, då det fusjonerte med Deep Sea Supply og Farstad Shipping.
Publisert: 10.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 10.11.2025 17:06






