Reketraalar til norsk kanadiar
REKE: Selskapet MV Osprey Ltd i North Sydney, Nova Scotia overtek straks den Skipsteknisk-utvikla reketrålaren 'Northern Osprey III'.
Nytt

Reketrålar til norsk-kanadiar

Norsk-kanadiaren Ulf Snarby overtek no den tredje Skipsteknisk-designa båten.

15.11.2017
Tysdag var det dåpsseremoni for reketrålaren 'Northern Osprey III' ved Tersan-verftet i Tyrkia.
Dette er den tredje Skipsteknisk-designa båten til den utflytta tromsøværingen Ulf Snarby.
I 1992 fekk han fabrikktrålaren ' Northern Osprey', og i 1996 fekk han bygt 'Northern Eeagle' - ein båt som nyleg er seld.

Newfoundland og Labrador

I ei pressemelding frå Skipsteknisk vert det opplyst at 'Northern Opsrey III' er 80,25 meter lang og har ei breidde på 17 meter.
Skipet har høg isklasse for å kunne operere i dei tøffe farvatna utanfor Newfoundland og Labrador.
Om bord er det einmannslugarar til 38 mann, i tillegg til mediarom, trimrom og sauna.

125 tonn i døgnet

Produksjons- og frysekapasiteten er på heile 125 tonn i døgnet.
I tillegg til produksjon av reker av ulik størrelse, er båten tilrettelagt for produksjon av sløygd og hovudkutta kvitfisk.
Skipsteknisk opplyser at nybygget er utrusta med det nyaste innan redusert energiforbruk og reduserte miljøutslepp.
Tersan skipsverft utanfor Istanbul har spesialisert seg på bygging av fiskefartøy og ferjer. Verftet har bygt ei lang rekkje båtar for norske reiarar, og har i ordreboka nye ferjer til både Fjord1 og Torghatten Nord.

Publisert: 15.11.2017 11:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16