Rekord i fjor - tøffare i år
Stranda-bedrifta slit med at det meste av råvarer vert handla i euro.
- 2022 var eit svært godt møbelår, der mange kjøpte nye møblar etter to år med oppussing.
- Men så langt i 2023 har vi ein salssvikt på 14 prosent.
Det seier dagleg leiar Terje Berge i Stranda-selskapet Galvano.
I fjor sette selskapet solid ny omsetningsrekord med 47,6 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 2,6 millionar.
(saka held fram etter tabellen)
Galvano | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driiftsinntekter | 47,6 | 41,2 | |
Driftsresultat | 3,1 | 2,4 | |
Resultat før skatt | 2,6 | 2 |
Salssvikt
Galvano lagar stålkonstruksjonar og har eiga fornikling og lakkeringsavdeling. Den mekaniske industribedrifta har mellom andre Ekornes og Fora Form som kundar, og oppsvinget for møbelindustrien i 2022 gav også Galvano meir å gjere.
Men etter ein bra januar, har salet gått nedover.
- Eg er redd det vil auke negativt også i mai og juni, seier Berge.
Svak krone
Den svake norske krona bidreg også negativt.
- Snart alt av råvarer blir handla i euro, seier Berge.
Det er same tendens i dotterselskapet i polske Bytow.
Berge har også sett seg nøydd til å permittere to av dei 17 tilsette på Stranda. Også i Bytow er det 17 tilsette.
- Vi er ikkje på jakt etter fleire tilsette i dag, seier Berge.
Kjem med nye produkt
Han opplyser at selskapet jobbar med fleire nye produkt.
- Dei vil kome no framover.
Galvano har ein samla eigenkapital på 11,9 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 8,7 millionar.
Terje Berge eig 80 prosent av selskapet, medan Ottar Berge eig 20 prosent.
Galvano har hatt positiv utvikling siste åra, omsette for første gong over 30 millionar kroner i 2018, og 2021 var beste året før hoppet til 47,6 millionar i fjor, 6,4 millionar meir enn 2021.
Publisert: 03.05.2023 10:30
Sist oppdatert: 14.06.2023 20:53