Oscar Almgren Uteguiden foto Mattias Fredriksson
KRAFTIG VEKST: Oscar Almgren starta Uteguiden i 2012 og har vekse kraftig dei siste åra. 2024 blir eit nytt rekordår. Foto: Mattias Fredriksson
Nytt

Rekord på rekord for guideselskap

Ny supervekst og betre lønnsemd enn nokon gong for Uteguiden i fjor. I år blir det nye rekordar.

Marius Rosbach
24.05.2024

Turselskapet Uteguiden la bak seg eit nytt rekordår i fjor. Fasit vart kraftig vekst i omsetninga og større overskot enn nokon sinne.

Inntektene auka med kring 30 prosent samanlikna med året før, og enda på heile 22,5 millionar kroner. Resultat før skatt blei på 1,6 millionar kroner. Også det ny rekord.

– Dette har vi jobba målretta for i fleire år. Samtidig har marknaden blitt betre og betre i etterkant av pandemien, fortel Uteguiden-sjef Oscar Almgren til Nett No.

Aktivitetsselskapet fekk ein knekk under koronapandemien, men har opplevd kraftig vekst i etterkant. Omsetninga i fjor var kring fire gonger høgare enn i 2019, som var siste «normalår» før pandemien.

Uteguiden AS
Årsresultat (i mill kr)

2023
2021
Driftsinntekter
22,6
17,4
Driftsresultat

1,8

1,1
Res. før skatt
1,6
1,1

Fleire tek lengre turar
Godt betalande amerikanske turistar utgjer ein stor del av kundane til aktivitetsselskapet. Og dei blir stadig fleire, ifølgje Almgren.

– Vi jobbar også meir med å tilby vekesturar i staden for dagsturisme, som vi ser har gitt utslag, seier han.

Medan vinterkundane gjerne blir i fleire dagar, er det meir etterspurnad etter kortare aktivitetar om sommaren.

– I fjor bidrog også den svake krona. Samtidig verka det som at fleire utlendingar oppdaga at det er mogleg å reise til andre plassar enn Nord-Norge i vinterhalvåret. Vi fekk fleire utlendingar på besøk i fjor, enn vi har hatt tidlegare, seier han.

Vi er nøyd til å vere litt meir kyniske når det gjeld kva kundar ein ønsker.
Oscar Almgren

Vil ha fleire godt betalande kundar
Utspelet til den ferske næringsministeren, Cecilie Myrseth, om at regjeringa vil bidra til å lokke fleire reisande i «high end»-segmentet til Norge, er musikk i øyrene til Uteguiden-sjefen.

– Vi er nøyd til å vere litt meir kyniske når det gjeld kva kundar ein ønsker. Vi har mange av desse kundane allereie, og vil få enno fleire etter at vi overtok turverksemda til 62° Nord, seier han.

Når det gjeld nordmenn, er det framleis slik at mange av dei individuelle reisande går turar på eiga hand. Men når dei er fleire i grupper til eksempel med firma eller utdrikkingslag, bestiller også dei guiding.

Ligg an til nytt rekordår
2024 ligg an til å bli nok eit rekordår for aktivitetsselskapet.

Ei av årsakene til det, er at Uteguiden nyleg tok over turaktivitetane frå 62° Nord Hotels & Adventures. Det gjorde at dei fekk fleire enn ti nye guidar i arbeidsstokken.

– Vi hadde allereie budsjettert med ein god vekst då året starta, i tillegg til at vi reknar med få kring ti millionar kroner i omsetning som følgje av avtalen med 62° Nord, fortel Almgren.

Nye avdelingar i Åndalsnes og Molde
Almgren starta Uteguiden i 2012 og opna nyleg kontor i Åndalsnes og Molde. Frå før har dei lokalar i Ålesund, Stranda og Valldal.

Guideselskapet har no kring 60 personar i arbeid etter at dei fekk inn dei nye frå 62° Nord. Dei fleste jobbar deltid og selskapet sysselsette 15 årsverk i fjor.

Uteguiden-sjefen fortel at dei merkar fordelane av å vere eit større selskap.

– Vi ser ein konsolidering i bransjen, som til no har vore prega av mange små leverandørar. Når vi jobbar med større aktørar er det viktig å vere sikker på å kunne levere, uavhengig av sjukdom og slike ting, seier Almgren.

Publisert: 24.05.2024 09:01

Sist oppdatert: 10.07.2024 07:32

Mer om